Gå til hovedinnhold

Kvoteråd for pelagiske bestandar 2019: Rår til lågare makrellkvote


HI 040173

Etter høgt fisketrykk og ein bestand i nedgang, rår ICES til lågare kvote for 2019.

Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Havforskingsinstituttet

Det internasjonale havforskingsrådet ICES er klare med sine kvoteråd for makrell, hestmakrell og kolmule. ICES rår til betydelege kutt i makrellkvota, og HI kommenterer rådet.

Kvoteråda gjeld dei pelagiske bestandane i Norskehavet med unntak av NVG-sild. I tillegg kjem eit kvoteråd for snabeluer.

Det er det internasjonale havforskingsrådet ICES som bereknar størrelsen på desse bestandane og gir råd for neste års kvote. (LES OGSÅ: Dette er ICES)

Dobbeleffekt dreg ned makrellrådet

Bestandsvurderinga av makrell er basert på fiskeridata og fire indeksar frå forskinga: Tråltoktet, rekrutteringsindeksen, eggtoktet og merke/gjenfangst.

For 2018 var ICES sitt råd at det er forsvarleg å fiske opptil 550.948 tonn makrell, ein nedgang frå året før. Kvoterådet for 2019 er sett til 318.408 tonn. Dette er ned 42 prosent samanlikna med rådet for 2018.

ICES grunnar tilrådinga med at gytebestanden og tilsiget av ny fisk har vore på veg ned sidan eit toppunkt i 2011. I tillegg har fisketrykket vore høgare enn tilrådd i kvoteråda over ei årrekke.

I bestandsberekningane til ICES gjer summen av dette at makrellbestanden no er under føre-var grensa (MSY Btrigger). Denne er sett for å sikre høgast mogleg uttak av fisk på lang sikt.

Haustingsregelen seier at fisketrykket skal reduserast parallelt med bestandsnedgangen ned til føre-var-grensa. Når bestanden er under føre-var-grensa, skal fisketrykket reduserast kraftigare. At bestanden blir mindre og attpåtil er under føre-var-grensa, gir dobbelt utslag i kvoterådet.

Ber om metoderevisjon

I ein kommentar til rådet peiker HI i år på den store usikkerheita i bestandsberekningane og behovet for ein ekstraordinær metoderevisjon.

Det er arbeidsgruppa WGWIDE som bereknar dei pelagiske bestandane i ICES. Gruppa har prøvd ut andre bestandsberekningar der data frå merke/gjenfangst er handtert annleis enn kva som er lagt til grunn i det endelege kvoterådet. Med ei slik berekning kjem makrellbestanden ut om lag 20 prosent høgare.

Dette resultatet må også reknast å gi eit sannsynleg bilde av bestanden.

Einige om utviklinga, men vil gå gjennom metodane

– All tilgjengeleg kunnskap viser dei same trendane, at makrellbestanden er på veg ned. Men på bakgrunn av andre berekningar er det mogleg at nedgangen starta seinare og frå ein større bestand enn den som er lagt til grunn i ICES-rådet, forklarar forskingsdirektør Geir Huse.

– I vår kommentar uthever vi at arbeidsgruppa WGWIDE har bedt om ein ekstraordinær revisjon av metodane som blir brukt for å berekne makrellbestanden, seier han.

Kolmule ned, hestmakrell opp

Rådet for kolmulekvoten for 2019 er på opptil 1.143.629 tonn, mot 1.387.872 tonn i 2018. ICES tilrår ei mindre kvote grunna låg rekruttering i 2017 og ein nedskriving av gytebestanden etter ei oppdatert berekning.

For vestleg hestmakrell gir ICES råd om ei kvoteauke på 24 prosent frå 2018-rådet, på opptil 145.237 tonn i 2019.

For snabelueren rår ICES til ei kvote på opptil 53.757 tonn i 2019 og 55.860 tonn i 2020.

Rådet for NVG-sild ventar på politiske avklaringar

Kyststatane som forvaltar norsk vårgytande sild har bedt ICES om å evaluere fire nye haustingsreglar for bestanden. Det kan samanliknast med ei konsekvensutgreiing som vurderer korleis ulikt fisketrykk påverkar bestanden på sikt. Resultatet av evalueringa blir gjort tilgjengeleg saman med kvoteråda for dei andre artane: Les evalueringa her

– Haustingsregelen er ein premiss i kvoterådet. Først når kyststatane blir einige om kva haustingsregel dei vil halde seg til, kan ICES gi råd for NVG-silda i 2019, seier Erling Kåre Stenevik, bestandsansvarleg ved HI.

Dersom statane blir einige, er kvoterådet for NVG-sild venta 22. oktober.

Gå til bildebank med aktuelle fiskar og forskarar