Gå til hovedinnhold

Fekk russisk æresmedalje for bidrag i leiteaksjon


Æresmedalje til G O Sars

Den russiske generalkonsulen på Spitsbergen, Vjatsjeslav Nikolajev, takka kaptein Svein-Roger Fredheim for den gode innsatsen og samarbeidsvilja under leiteaksjonen.

Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Då eit russisk helikopter styrta utanfor Svalbard i fjor haust, avbraut «G.O. Sars» eit forskingstokt for å hjelpe i leiteaksjonen. No har mannskapet fått medalje for den avgjerande innsatsen.

«Vi er takknemlige for din hjelp under helikopterulykken utenfor Heerodden i oktober i fjor. Du har blitt innstilt til det russiske kriseministeriets medalje For utvist kameratskap i redningens navn» stod det i meldinga frå den russiske generalkonsulen på Spitsbergen.

– Vi set pris på denne markeringa. Sjølv om medaljen blir overrekt til skipsførar, gjeld den for heile mannskapet som deltok på beste vis i eit veldig spesielt oppdrag, seier Svein-Roger Fredheim, kaptein på «G.O. Sars».

Overrekking på Svalbard

Same mannskap var tysdag i Longyearbyen etter å ha gjort seg ferdige med ein etappe i det årlege økosystemtoktet i Barentshavet. Kapteinen tok då imot medaljen i ei høgtidleg overrekking med mannskapet til stades. Den russiske generalkonsulen på Spitsbergen, Vjatsjeslav Nikolajev, uttrykte stor takksemd for samarbeidet, som er særleg viktig i regionen med sine ekstreme forhold.

– Måtte de alltid ha minst sju fot vatn under kjølen, ønskte han mannskapet.

Det var den 26. oktober i fjor at eit russisk helikopter med åtte personar om bord styrta i sjøen utanfor Heerodden på Svalbard. Helikopteret var på veg frå Pyramiden til den russiske busettinga Barentsburg.

Fann vraket med videorigg

«G.O. Sars» var på tokt i Barentshavet for å kartlegge havbotnen. Det spesialutstyrte skipet blei derfor rekvirert av hovedredningssentralen i Nord-Norge for å hjelpe til i leiteaksjonen.

Etter leiting med ei rekke metodar kunne «G.O. Sars» den 29. november bekrefte funnet av det sakna helikopteret ved hjelp av videoriggen Chimera. Denne brukast vanlegvis for å kartlegge havbotnen på fleire tusen meters djup. Med delar av same rigg greidde mannskapet også å hente opp ein av dei omkomne.

– Det var ubehageleg der og då, men i ettertid har vi fått høyre at dei pårørande til den unge mannen fekk det lettare. Når vi ser tilbake på det no, kjennest det godt å ha hjelpt til, fortel matros Tommy Aasen.

Trålbas Sigve Sørensen (t.v.) og matros Tommy Aasen var også med på leiteaksjonen i fjor haust. (Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet)