Gå til hovedinnhold

Spøkelsesfiske: 14.500 tapte hummarteiner fiskar vidare


HI 040067

Moderne plastteiner kan fange dyr i lang tid dersom dei blir liggande på havbotnen.

Fotograf: Havhesten undervannsklubb (etter avtale)

Ferske anslag viser at 14.500 hummarteiner blei tapt berre under fjorårets hummarfiske. Desse fortset å fange dyr og gjer skade på miljøet.

Med Norges dykkeforbund og Fiskeridirektoratet forskar Havforskingsinstituttet på omfanget av såkalla spøkelsesfiske: Tapte fiskereiskapar som fortset å fiske på havbotnen.

Spurde fiskarane

– Ut frå ei spørjeundersøking kan vi anslå at hummarfiskarane sette 240.000 hummarteiner i Norge i fjor. Av desse blei 14.500 tapt, seier havforskar Alf Ring Kleiven.

Etter anbefalingar frå Havforskingsinstituttet blei det innført obligatorisk påmelding for hummarfiskarar i 2017. Det har gitt tilgang på kontaktinformasjon og ny data. 

600 utvalde hummarfiskarar blei invitert til å svare på spørsmål.

Plastteiner varer lengre

Før var teiner laga av tre. Moderne teiner består i stor grad av plast. 

– Plast som brytast ned i havet er eitt problem, men her er det også eit problem at teinene ikkje blir brotne ned. Dei kan fortsette å fange dyr i mange år, seier Kleiven.

Når dykkarane finn 10 skotteteiner, finn dei i snitt 20 krabbar, éin hummar og tre fisk

Må ha rømmingsluke med tråd som rotnar

– Tala vi har frå hummarfisket gjeld berre hummarteiner. Problemet er med andre ord stort, seier forskaren.

For hummarsesongen 2018 er det innført krav om rømmingsluke i hummarteiner. Luka er sydd igjen med bomullstråd som rotnar etter tid i sjøen. HI anbefalte løysinga.

– Rømmingsluke bidrar til å få ned spøkelsesfisket, men hjelper ikkje mot plastforureininga. Ideelt sett må vi hindre at teinene blir tapt i utgangspunktet, avsluttar han.

Havforskar Alf Ring Kleiven er bestandsansvarleg for hummar ved HI. (Foto: Erlend A. Lorentzen)