Gå til hovedinnhold

Kvoteråd for NVG-sild 2019: Opp til 588.562 tonn


NVG sild Foto Kjartan Mæstad

Havforskarane fann lovande årsklassar av norsk vårgytande sild på økosystemtoktet i Barentshavet. 

Fotograf: Kjartan Mæstad / Havforskningsinstituttet

Det internasjonale havforskingsrådet ICES rår til ei sildekvote som er opptil 53 prosent høgare enn førre råd. Det er ein ny haustingsregel som gjer utslag.

For 2018 rådde ICES til at det kunne fiskast opptil 384.197 tonn norsk vårgytande sild.

Når kvoterådet for 2019 er vesentleg høgare, skuldast det ikkje stoda i sildebestanden, men ein ny regel for kor mykje det er forsvarleg å fiske.

– Bestanden er framleis på veg ned, men basert på ny og betre kunnskap har ICES berekna at det er trygt å fiske meir av silda, fortel Erling Kåre Stenevik, bestandsansvarleg for NVG-sild ved HI.

Kyststatane blei einige

Kyststatane som forvaltar silda bad nemleg ICES om å evaluere fire nye såkalla haustingsreglar. Desse kan samanliknast med konsekvensutgreiingar som vurderer korleis ulikt fisketrykk påverkar bestanden på sikt. Evalueringane blei offentleggjorde saman med kvoteråda for dei andre pelagiske bestandane.

(Les også: Kvoteråd for pelagiske bestandar 2019: Rår til lågare makrellkvote)

Då kyststatane deretter blei einige om kva regel dei skal halde seg til, kunne havforskarane lage kvoterådet for 2019, som altså enda på 588.562 tonn.

Har trua på ung, lovande sild

Silda er avhengig av gode årsklassar innimellom for å fylle på bestanden. Rekrutteringa dei seinare åra har vore dårleg.

– Sist superårsklasse var i 2004, og 2013-årsklassen var heller ikkje så verst. Det er denne det blir fiska mest av i dag, seier Stenevik.

2016-årsklassen er ikkje endå ein del av fiskeriet, men ser ut til å vere over gjennomsnittet stor.

– Dersom kvoteråda blir følgt, kan denne årsklassen bidra til å stoppe nedgangen i bestanden.