Beredskap ved HI etter fregattulukka

hifasade.jpg

Forskarane har kartlagt spreiing av eventuelle utslepp og skal analysere prøvar av fisk frå oppdrettsanlegg i området etter ulukka med fregatten KNM Helge Ingstad. 

Natt til torsdag kolliderte KNM Helge Ingstad og tankskipet TS Sola ved Stureterminalen i Øygarden i Hordaland. Også ein slepebåt var involvert i ulukka. 

Kystverket leiar operasjonen ved vraket. Havforskingsinstituttet er ein del av den rådgjevande gruppa knytt til denne hendinga. 

– Utsleppet etter denne hendinga ser ut til å vera avgrensa per no, seier forskingssjef for miljøkjemi ved HI, Jarle Klungsøyr. 

Tek prøvar av fisk frå oppdrettsanlegg rundt 

Tidleg torsdag fekk HI varsel frå Kystverket om hendinga. Basert på modellar av drivbanar, har HI tatt ut prøvar frå sju oppdrettsanlegg i nærområdet. 140 oppdrettslaks blir levert til instituttet for analyse. 

 – Vi skal undersøke om laksen har blitt forureina av utslepp frå det havarerte fartøyet, fortel Klungsøyr. 

– Vi målar innhald av flyktige, aromatiske oljekomponentar. Ut i frå dette kan vi sei om fisken har vore eksponert for forureining, og eventuelt om kvaliteten har blitt forringa. 

Media kan ta kontakt via vår pressetelefon 400 22 999 for spørsmål eller intervjuførespurnadar.