Gå til hovedinnhold

Kvinnene på full fart inn i havforskinga


IMG 2008

Vaneeda Allken er postdoktor ved Havforskningsinstituttet. 

Fotograf: Torhild Dahl

For andre år på rad er det fleire kvinner enn menn som tek doktorgrad og post doc-studiar ved Havforskingsinstituttet.

Vaneeda Allken sit i djup konsentrasjon over ei datamaskin. Med utgangspunkt i såkalla Deep learning lærer ho opp algoritmar til å avsløre mønster slik at algoritmane kan kjenne att fiskeartar.
 
Allken er ein av 43 postdoktorar og 20 doktorgradsstudentar som følgjer eit løp ved Havforskningsinstituttet for å bli sjølvstendige forskarar. Både i fjor og i år er over halvparten av desse forskarane kvinner.
 
- Vi driv jo ikkje med arbeid som treng muskelkraft akkurat, så eg ser ingen grunn til at det ikkje skal vere fleire kvinner også på mitt område, seier Allken.

Kjem frå mannsdominert felt

Allken fortel at ho kjem frå eit mannsdominert felt, der ho ofte har følt seg ganske aleine.
 
- Eg studerte fysikk, og det er jo ofte veldig mannsdominert. Når eg tenkjer etter, så ser eg at eg faktisk aldri har publisert saman med andre kvinner, med unnatak av ein masterstudent som slutta nesten før eg rakk å møte henne, seier ho.
 
Doktorgradstudentane og postdoktorane ved Havforskingsinstituttet forskar på tema som spenner frå korallrev i kalde farvatn, til velferd i fiskemerder eller effektar av oljesøl på fiskelarvar. Eit fleirtal av studentane kjem også frå andre land enn Norge, slik som Allken som kjem frå Mauritius. Katja Enberg, som er leiar av post doc-forum ved HI, meiner dette har ei naturleg forklaring.
 
- Dei fleste søkjarane til post doc-stillingane er utlendingar. Norge er eitt av dei landa som har gode forskingsbudsjett, og det gjer det attraktivt for mange å jobbe her. Det er også forventa at ein skal nytte post doc-tida til å flytte litt på seg og få erfaring utanfor sitt eige land, så det er naturleg at vi ser ei slik samansetjing av post doc-gruppa, seier ho.

Ser konkrete resultat av forskinga

Vaneeda Allken tok doktorgraden sin ved Institutt for geovitenskap ved UiB, og ho fekk stilling som postdoktor ved HI i fjor. Når ein tek doktorgrad ved HI eller har stilling som postdoktor må ein av veiledarane vere frå ein grandsgivande institusjon, og Allken har veiledarar både frå HI og frå UiB.
 
- Eg likar å jobbe med havforsking, for eg likar å gjere noko praktisk. Det som eg forskar på kjem faktisk til å bli brukt i ganske nær framtid, for softvaren som vi utviklar vil bli brukt når ein skal gi råd om fiskekvoter og anna. Når du jobbar innan rein akademia er det ikkje alltid at ein ser så konkrete resultat av arbeidet. No føler eg at arbeidet mitt faktisk vil spele ei rolle i det verkelege livet, seier ho.