Gå til hovedinnhold

Skal utvikla teknologi som kjenner att torsk og laks


MX0B7701

Nils Olav Handegard (t.v.), Vaneeda Allken og Ketil Malde frå COGMAR-prosjektet.

Fotograf: Erlend A. Lorentzen

Havforskingsinstituttet og Norsk regnesentral har fått 15,5 millionar kroner til IKT-prosjektet COGMAR. Eit sentralt mål er å få automatisert tolkinga av bilete frå ekkolodd, trålkamera og andre observasjonsmetodar.

Med utgangspunkt i såkalla Deep learning (sjå faktaboks) skal forskarar frå Havforskingsinstituttet (HI), Scantrol Deep Vision, Universitetet i Tromsø og Norsk regnesentral vidareutvikla eksisterande metodar for biletattkjenning og dataanalyse. Tidlegare forsøk har vist at desse metodane er svært treffsikre når dei skal skilja ulike artar frå kvarandre.

Sparer tid med «intelligente» maskiner

Havforskingsinstituttet samlar inn stadig meir data. I 2017 vart det samla inn meir data enn i heile instituttets historie til saman.

– Nesten alt vi gjer av forsking og rådgjeving er gjennomsyra av data. Til dømes samlar vi inn store mengder data frå ekkolodd og trålkamera. Desse data – eller bileta – kan gje viktig informasjon om bestandane vi forskar på. Då treng vi mellom anna å vita kva art vi ser, lengde og annan informasjon som på sikt skal inn i bestandsrådgjevinga. Mykje tid vil vera spart om vi kan læra opp maskiner til å gjera delar av arbeidet for oss, fortel forskar Nils Olav Handegard, som er prosjektansvarleg for COGMAR saman med Ketil Malde. Løyvinga kjem frå forskingsrådets IKT-pluss program.

Mange bruksområde

I eit forprosjekt til COGMAR utvikla forskarane ei automatisk klassifisering av fisk, der gjenkjenningsraten har vore opp til 90 prosent. Her var det artane makrell, sild og kolmule som vart klassifiserte.

–  Etter kvart kan metoden takast i bruk for å kjenna att andre marine artar og kanskje skilja mellom villaks og rømt oppdrettslaks – for å nemna nokre døme, seier Nils Olav Handegard. 

– Vi ser for oss mange område i verksemda vår der denne teknologien kan koma til nytte. Det handlar både om å få betre kvalitet på det arbeidet som vert gjort i dag og at vi kan tilby nye tenester.

Løft for dataprosesseringa

Nils Olav Handegard er glad for at Havforskingsinstituttet har nådd opp i konkurransen om IKT-midlar, og for samarbeidet med regnesentralen. 

–  HI sit nettopp på slike store datamengder som Deep learning fordrar. Regnesentralen er sjølvsagt mest interessert i teknologien i seg sjølv, medan vi har relevante problemstillingar som treng å løysast. I tillegg kan vi ta i bruk metodane relativt raskt. Det var nok ein sterkt medverkande årsak til at vi vann fram med søknaden, seier han, og legg til at COGMAR-prosjektet også vil vera med og modernisera dataprosesseringa på Havforskingsinstituttet generelt.