Sildelotteriet er i gang

C:\Users\marie\Downloads\DSC_7922.jpg

Sildefisket er i gang, og det er også det nye systemet for bestilling av fangstprøver av sild til Havforskningsinstituttet. Det blir venta i spenning på den første vinnaren i sildelotteriet.  

 

Systemet bygger på bruk av den elektroniske fangstdagboka, der kvar enkelt fangst går inn i eit «lotteri» ved Havforskingsinstituttet (HI).

Passar på sild og teknologi

Det er førebels tre–fire fiskebåtar som er med i lotteriet. Dei har elektroniske fangstdagbøker som er oppdatert med det nye systemet. Forskar Håkon Otterå, som har vore med og utvikla det nye systemet, fortel at dei ansvarlege på Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet er spente på korleis den nye ordninga vil fungere no i starten.

–  Derfor følgjer vi nøye med både på den tekniske sida av systemet og korleis sildefisket og prøvetakinga går. Vi går over til eit «lotteribasert» system for prøvetaking fordi vi ønskjer å legga om til eit statistisk sett meir robust system, der fangstprøvane som vi analyserer vert spreidd i tid og rom og på mange fartøy. Dette vil vera eit viktig bidrag til å forbetra rådgjevinga på sild i framtida.

Fleire med etter kvart

Med det nye systemet går det melding tilbake til skipparen om HI ønskjer prøve frå akkurat denne fangsten eller ikkje i løpet av få minutt.

– Systemet krev ei lita omlegging av programvaren for fangstdagboka. Fangstbokleverandør iFisk har alt den nye versjonen på plass, så her trengs det berre ei oppdatering om bord. Vi håpar dei to andre leverandørane også får dette på plass i løpet av kort tid slik at heile fiskeflåten kjem inn under systemet, seier Håkon Otterå.