Gå til hovedinnhold

Fiskar etter mikro-monster i Bergen hamn


MX0B8105

Havforskar Bjørn Einar Grøsvik forsøkar å fange mikroplast med ei rekke metodar.

Fotograf: Erlend Astad Lorentzen

Med maskevidde på langt under millimeteren håpar forskarane å fange bitar av det verkelege havmonsteret. Plasten i verdshava.

– Kor liten blir plasten? Kor blir han av? Korleis oppfører han seg i sjøen? Det finst i grunnen ikkje gode tal på mengda mikroplast i havet eller størrelsesfordelinga til partiklane. Dette er eit nytt fagfelt, seier havforskar Bjørn Einar Grøsvik.

Han fiskar etter dei aller minste havmonstera. Plasten som er under fem millimeter stor. Han skulle helst sett at det ikkje var noko å finne.

Bind til seg andre giftstoff

– Større plastbitar kan sette seg fast i magen på dyr og blokkere fordøyinga. Mikroplast kan truleg bli så liten at han kan gå inn i blodomløp og celler. Som om ikkje plast var nok i seg sjølv, bind det til seg giftstoff som måtte vere i omgjevnadane. Om plast går ut med avføringa, kan det likevel ha lagt igjen skadelege stoff, forklarar Grøsvik.

Med seg på tokt har han to kollegaar som til vanleg forskar på plankton.

Planktonforskar Espen Bagøien tar opp bongotrålen, vanlegvis brukt til å fange plankton vertikalt i vassøyla. (Foto: Erlend A. Lorentzen / HI)

Brukar metodar frå planktonfangst

– Dette handlar om å fange veldig små ting. Det kan vi, seier planktonekspert Espen Bagøien.

Toktet om bord på det vetle forskingsfartøyet «Hans Brattström» rundt Bergen er lagt til vinteren nettopp for å minimere mengda «bifangst» av plankton. Målet er å finne ut kva metodar som fungerer til å fange mikroplast, og korleis dei lar seg bake inn i dei faste tokta til HI.

– På tokt er tida dyrebar. Det er ikkje rom for eksperimentering. Vi må finne ut no kva som trengst av utstyr, og kor lang tid vi brukar på innsamlinga, fortel Espen Bagøien.

Frå byen eller havet

For å slå to fluger i éin smekk, vil forskarane samtidig undersøke mengda mikroplast i Byfjorden samanlikna med kyststraumen utanfor Sotra.

– Primærkjelda til mikroplast er antatt å vere kosmetikk og produkt som inneheld mikroplast. Dette går ut i kloakk og avløp. Sekundærkjelda er nedbryting av større plast. No sjekkar vi om det faktisk er ein gradient, altså minkande mengd, frå byen og utover mot havet, seier Bjørn Einar Grøsvik.

Sjølv om toktet er lagt til vinteren, er mesteparten av den synlege fangsten plankton. Forskarane må sortere med mikroskop. (Foto: Erlend A. Lorentzen / HI)

 

Plast som er eksponert for sollys blir raskast slite ned til mindre partiklar. Stranda plast og plast som flyt i overflata vil dermed ende som mikroplast først.

Stranda plast er toppen på isfjellet

– Det er dermed eit effektivt tiltak å fjerne stranda plast. Samtidig går vi ut frå at dette berre utgjer om lag fem prosent av all plasten i hava, eller toppen på isfjellet, fortel han.

– Det er ikkje registrert særleg auke av mikroplast i overflata dei siste 10-20 åra. Med det vi veit om veksande forbruk og befolkning, må vi anta at mykje er transportert til havbotnen. Finn vi ut meir om korleis ulike typar plast oppfører seg i vatnet, kan vi lage betre modellar for kor plasten hamnar.

Frå Marsteinen jobbar forskarane seg innover til hamnebassenget i Bergen.

Desse reiskapane brukar dei:

  • Mantatrålen liknar på ei rokke og seglar i overflata med open kjeft. I eit nett med maskevidd på opptil 1/3 millimeter, samlar han plankton og andre småpartiklar. Dei minste plastpartiklane er likevel mindre enn mantaen kan fange.
  • Bongotrålen (etter trommene) er også eit verktøy for å samle inn plankton. Han blir senka ned til like over havbotnen, og halt opp igjen til overflata. Med seg tar han partiklar av litt mindre storleik enn mantatrålen, men vertikalt.
  • Vassprøver er mykje brukt i havforskinga. Fire opne sylindrar blir senka til eit gitt djup, der dei lukkar seg. Tilbake til overflata har dei med seg ein liter vatn frå kvar prøvestasjon, både frå overflata og frå botnen.
  • Med grabb hentar forskarane opp ein bit av sjølve havbotnen. Bjørn Einar Grøsvik skraper av dei øvste centimetrane med sediment. Det er dette laget som har bygd seg opp dei siste tiåra. Det representerer plast-alderen.

Sjå video:

Skal sette fyr på fangsten og analysere røyken

På toktet er det vanskeleg å sjå kva trålfangsten inneheld. Eit par kril, lauv og organisk rusk, ein bit malingsflass, sjøstjernelarvar og små, gjennomsiktige dyr. Den synlege fangsten er for det meste plankton. Mikroplasten kan ligge innimellom.

Bjørn Einar Grøsvik legg heile trålfangsten på sprit for å studere han under mikroskop. Vassprøvane skal filtrerast for å kunne studere dei minste partiklane, mens sedimentprøvane skal inn i ein sentrifuge som kan skilje ut plastpartiklar.

Bygger avansert plastlab

– Vi er i ferd med å bygge opp ein plastlab på Havforskingsinstituttet. Der får vi eit pyrolyseapparat som kan sette fyr på slik fangst vi har gjort i dag. Avgassane fortel kor mykje plast han inneheld, og kva kjemisk samansetting denne har. Då får vi analysert partiklar ned på nanostorleik. Vi får også eit mikroskop som kan analysere innhaldet i mikroplastpartiklar ned til fem mikrometer, fortel forskaren.

– Med kompetanse frå NIFES, som vi no har slått oss saman med, vil vi finne ut meir om korleis plasten påverkar både miljøet og mattryggleiken, seier han.

– Kva tid får vi svar på om det finst ein gradient av mikroplast frå Bergen og ut til kyststraumen?

– Først og fremst har vi funne ut kva som trengst av tid og utstyr. Metodane ser ut til å vere eigna for bruk i andre tokt. Resultata frå Byfjorden må de vente på nokre månader til rapporten er klar, seier Grøsvik mens han henter opp dei siste vassprøvane frå sjøen like utanfor kloakkutsleppet på Laksevåg.

Bjørn Einar Grøsvik om bord på "Hans Brattstrøm" (Foto: Erlend A. Lorentzen / HI)