Sel-skit frå Sørlandet avslører: Augepål og flatfisk mest spist

kobben.JPG

Steinkobben er eit flokkdyr som lever året rundt i koloniar langs norskekysten.

Fotograf: Carla Freitas / Havforskningsinstituttet

121 avføringsprøver viser at steinkobben i sør har variert kosthald. Under éin prosent av fisken var torsk.

Øyresteinen til fisk kan fortelje kva art den høyrer til, og kor stor og gammal fisken blei. Når selen et fisk, går desse «steinane» gjennom fordøyinga og ut med skiten.

Har variert kosthald

Då havforskarane samla inn, vatna ut og sila 121 «ruker» frå steinkobbe fann dei til saman 757 øyresteinar frå fisk.

«Totalt sett var seldietten variert og inkluderte 20 forskjellige arter og artsgrupper» skriv Maria Sørlie i si masteroppgåve der ho oppsummerer resultata.

– Kobben er omstridt her på Sørlandet, fordi mange trur han konkurrerer med fiskarane om fisken. Resultata i denne oppgåva tyder på at selen gjer det i liten grad, fortel havforskar og rettleiar Carla Freitas Brandt.

Steinkobbedietten varierte til ein viss grad mellom dei seks skjera frå Grimstad til Kragerø der skiten er samla inn. Og mellom sesong. Likevel var tendensane klare.

Augepål, sypike og skjeggtorsk på topp

– Artsgruppa Trisopterus med augepål, sypike og skjeggtorsk, fann vi mest av. Dei utgjorde nesten 30 prosent av øyresteinane i dietten til steinkobben, fortel Brandt.

29 prosent av øyresteinane kom frå flatfisk, med gapeflyndre og smørflyndre på topp.

Annan torskefisk utanom familien augepål, var kviting (13 prosent), hyse, lyr og sei (11 prosent) og uidentifisert torskefisk (7,5 prosent). Berre 0,92 prosent av øyresteinane kunne seiast sikkert at kom frå torsk.

– Det står dårleg til med torsken på Sørlandet. Resultata frå skit-analysane viser at steinkobben truleg ikkje kan få skulda for det aleine, seier havforskaren.

Mest interessert i dei mindre fiskane

– Men når det er mindre torsk i sjøen, vil vel også selen finne mindre torsk?

– Vi har ikkje kartlagt kor mykje av dei ulike fiskane som er tilgjengeleg for kobben. Derfor kan vi ikkje seie om han har preferansar eller om han tar det han får. Men vi ser at selen et meir flatfisk om sommaren, mot sil om vinteren. Det tyder på at tilgjengelegheit men også storleik speler inn.

– Dei fordøydde fiskane var jamt over små. Sjølv dei største torskane var under minstemålsgrensa for fiskeriet. Kobben ser dermed ikkje ut til å sikte seg inn mot den same fisken som fiskarane, fortset ho.

Lær meir om havets mysterium

Bur du på Sørlandet og vil vite meir om sel-skiten? Onsdag 5. desember held Carla Freitas Brandt føredraget «Hva spiser selen på Sørlandet?» i kommunehuset i Tvedestrand. 

I tillegg skal tre andre HI-forskarar fortelje om andre, spennande forskingsprosjekt frå området, som Skal personlegheitsteste sjøaure og Noen torsk er tøffere enn andre

Sjekk hendinga «Havets mysterier» på Facebook.

Referanse

Sørlie, M. (2017). Feeding Ecology of Harbour Seals (Phoca vitulina) in Southern Norway (Masteroppgåve, Universitetet i Agder). http://hdl.handle.net/11250/2454036