Gå til hovedinnhold

Skal personlegheitsteste sjøaure


MX0B6282

– Sjøauren skal no få venne seg til bassenget før eg startar forsøka, fortel Susanna Thorbjørnsen. Forsøksbassenget er oppå sjølve grunnmuren til stasjon Flødevigen. 

Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet

I det gamle forsøksbassenget i Flødevigen skal sjøaure frå Tvedestrand no rase rundt. Stipendiat Susanna Thorbjørnsen vil la rørslene til fisken fortelje kva personlegheit han har.

– I verneområdet i Tvedestrandfjorden har vi lyttebøyer, mottakarar som registrerer rørslene til merkt sjøaure. Men vi treng meir informasjon om kva dataa betyr. Er eit plutseleg byks flukt eller jakt? seier Susanna Thorbjørnsen.

Vil finne personlegheitstrekk hos hos auren

Teorien er at sjøaurane fordeler seg på eit personlegheitsspekter frå forsiktig til dristig, eller shy-bold. Under varierande forhold vil dei ulike personlegheitstrekka gi ulik overleving.
 
– I periodar med god mattilgang, kan det vere slik at den forsiktige auren vil ha best overleving. Han tar ikkje sjansar, men i gode tider er nettopp dét unødvendig. I periodar med dårleg mattilgang og mange predatorar, er det derimot den dristige auren som får seg mat, forklarar doktogradsstipendiaten.
 
– Kunnskap om kva sjøauren sin akselerasjon betyr, kan vi kople mot data frå Tvedestrandfjorden. Då vil vi kunne seie korleis aurepopulasjonen fordeler seg på eit forsiktig-dristig-spekter.

Overvakar aurerørslene

For å skaffe denne kunnskapen, har Susanna Thorbjørnsen no sleppt villfanga sjøaure oppi forsøksbassenget under Flødevigen. Der står same type mottakar som i Tvedestrandfjorden. Denne les data frå eit akselerometer som er skånsamt implantert i buken til sjøauren. I tillegg overvaker to kamera bassenget til ei kvar tid.
 
– Når fisken har blitt vand med dei nye omgjevnadane, skal eg gjere ulike forsøk på høvesvis mating og skremming. Skilnad i reaksjon vil vi kunne bruke til å identifisere åtferda vi ser i naturen, seier ho.
 
Til skremming vil Susanna Thorbjørnsen la ei papplate falle ned på vassflata eller dra ei rovdyr-etterlikning gjennom bassenget. Ho har laga skjul som auren kan smette inn i om han blir redd. For å måle jaktåtferd, lokkar ho med makk og fluge.

Blir dristig fisk lettare fiska?

Kva slags personlegdom ein fisk har, kan påverke kor lett han lar seg fiske. Fisk som beveger seg meir kan vere lettare å få på kroken. Dette er observert tidlegare hos blant anna torsk.
 
– Viss dette også gjeld sjøaure, vil eg undersøke i kva grad eit nullfiskeområde som Tvedestrandfjorden, beskyttar den lokale sjøaurebestanden. Viss auren visar seg å være dristig, vil han kanskje svømme ut av området og ut av vern, seier Susanna Thorbjørnsen.
 
Doktorgraden tar ho ved Universitetet i Agder. Rettleiarane hennar er Esben Moland Olsen, Even Moland og Halvor Knutsen ved HI.
sjoaure

Sjøaure frå Tvedestrandfjorden.

Foto: Elisabeth Juliussen