Gå til hovedinnhold

Muslingdød i Bergen: Obduksjon gav ikkje klart svar


Døyande elvemusling

Obduksjon: i alt sju døde eller døyande elvemuslingar vart obdusert av HI-forskar Stein Mortensen. Obduksjonen fekk ikkje slått fast ei klar årsak til muslingdøden. 

Fotograf: Stein Mortensen

Ein stor del av Bergens siste bestand av elvemuslingar har gått tapt. Etter å ha obdusert muslingane kan ikkje forskar Stein Mortensen peika på ei klar årsak – men skjella kan ha blitt utsett for ein ytre påverknad, som giftstoff eller kjemikaliar.

Elvemuslingen (Margaritfera margaritifera) er raudlista som sårbar. På grunn av forureining og tap av leveområde har arten gått tilbake i heile utbreiingsområdet.
 
Det er flest igjen i Noreg og Sverige, men relativt få av desse bestandane er levedyktige over lengre sikt. 
 
I Bergen er det berre ein bestand igjen, i Haukåselven i Åsane bydel. 

Plutseleg massedød 

I Haukåselven har det til no vore rundt tusen stykk i elva – hovudsakleg gamle individ. Sidan bestanden i liten grad fornyar seg, har ein prøvd med tiltak som utsett av unge muslingar, juvenilar, for å gradvis byggje bestanden opp igjen. 
 
Denne hausten har det blitt funne rundt 300 døde og døyande muslingar i elva. Også mange av dei yngre muslingane som har blitt satt ut i elva, har døydd. 
 
For å finne dødsårsaka, har forskar Stein Mortensen ved HI utført både obduksjon og mikroskopiske undersøkingar av vevsprøvar frå sju døyande muslingar.
 

Kan tyde på forureining 

–  Elvemuslingane var tydeleg svekka, fortel forskar Stein Mortensen. – Skadane tyder på at muslingane over lengre tid, sannsynlegvis månadar, ikkje har hatt eit normalt fødeopptak. 
 
Mortensen meiner skadane på elvemuslingane sannsynlegvis skuldast ytre påverknad i elva, utan at resultata kan peike ut ei konkret årsak.
 
Både giftproduserande blågrønnalgar, oksygensvinn og ulike typar forureining eller utslepp i elva kan føre til at muslingane blir skadd og svekt. 
 
– Slike hendingar fører muslingane inn i ein «vond sirkel», kor dei svelt, gradvis vert svakare, også invadert av bakteriar og sopp, før dei så døyr. 
 
Dødsprosessar hjå muslingar som blir påført skader utanfrå, eller brått får dårlegare levekår, kan gå seint. 
 
– Det betyr at årsaka til muslingdøden kan liggja tilbake i tid, seier Mortensen.