Gå til hovedinnhold

Dykkar for å teste taremodell


Dykker m tareplanter 2 small
Fotograf: Jonas Thormar / Havforskingsinstituttet

Havforskingsinstituttet jobbar med ein modell som skal anslå kor mykje stortare som veks langs Norskekysten. For å teste om modellen held vatn, plukkar forskarane sjølv stikkprøver frå havbotnen.

Den norske kysten er variert. Miljøfaktorar som bølger, straum og djup og lysforhold påverkar kor store tareplantane blir og kor mykje tare vi eigentleg har. Den nye biomassemodellen for stortare skal fortelje oss kor mykje tare som veks i eit gitt område.

Skrivebordsfantasi eller verkelegheit

I forsking er ein modell kompliserte, statistiske berekningar i ein datamaskin som skal fortelje noko om verda. I dette tilfellet tare. Teori, men også manuelt arbeid lager gode modellar.
 
– Dykking er heilt nødvendig for å teste modellen. Vi går sjølv ned og plukkar all taren frå éin kvadratmeter havbotn på elleve punkt, såkalla stasjonar. Målet er å finne ut kva grad taremodellen stemmer overeins med verkelegheita, forklarer havforskar Kjell Magnus Norderhaug.
 
tareskog

Stortare trivst ut mot havet og dannar skogar langs norskekysten.

Foto: Jonas Thormar / Havforskingsinstituttet
Norderhaug og kollegaane Jonas Thormar og Even Moland er no tilbake frå dykk ved Runde i Møre og Romsdal. Der plukka dei tare frå botnen i ei veke.

Sjekkar «fangsten» mot modellen

Etter sankinga måler og veg dei taren. Mengda tare på stasjonane sjekkar dei mot anslag frå biomassemodellen for stortare.
 
Runde er eit pilotområde. Der har forskarane data i høg oppløysing. Det vil seie informasjon om topografi og andre forhold på havbotnen ned i detalj.
 
– Om modellen er god, kan vi mate inn detaljinformasjon om andre kystområde og få ut anslag for taremengd seier Kjell Magnus Norderhaug.

Fortel om ressursar og sårbarheit

– Kvifor treng vi ein modell for taremengd?
 
– Av fleire grunnar. Tare er ein ressurs i seg sjølv, men bidrar også i økosystemet. Kor mykje påvekstalger det er på taren i eit område, fortel for eksempel om kva andre artar som lever der. Krepsdyr og sniglar lever på taren, og desse er igjen mat for fisk. Modellen kan seie kva kystområde som er viktige og sårbare, seier Norderhaug.
 
bartfelt

Slik ser det ut når dykkarane har fjerna alle tareplantane på ein kvadratmeter havbotn.

Foto: Even Moland / Havforskingsinstituttet