Gå til hovedinnhold

Sommarprat om HI sitt samfunnsoppdrag


SisselStore

Sommervisitt i Flødevigen. Frå venstre forskningsgruppeleiar Frithjof Moy, stortingskandidat for Ap, Cecilie Knibe Hanssen, forskningssjef Jan Atle Knutsen, HI-direktør Sissel Rogne og Ap-leiar Jonas Gahr Støre. 

HI-direktør Sissel Rogne tok i mot Ap-leiaren på vår stasjon i Flødevigen. Tema var korleis Havforskingsinstituttet jobbar for å løysa samfunnsoppdraget om «rike og reine hav».

Ein uformell sommarvisitt for å læra meir om havforskinga var utgangspunktet for møtet med Jonas Gahr Støre, leiaren for Arbeidarpartiet. 
 
- Temaet vi tok føre oss var korleis politikk kan utgjera ein forskjell når det gjeld å ta vare på havets helse både lokalt og globalt, samt ei satsing på eit verdiskapingsprogram for havet, fortel HI-direktør, professor Sissel Rogne. – Samfunnsoppdraget vårt er «reine og rike hav», og vi fortalte om viktige delar av dette. 
 

Ressursane i havet er viktig for Noreg 

 
 – Vi fortalte mellom anna om kystsoneforvaltinga, vårt mesopelagiske initiativ og om taren, den blå skogen, som ressurs, fortel Rogne. 
Korleis plast og anna søppel påverkar havet som matfat, stod på møteplanen. Eit viktig poeng for HI-direktøren er kor sentrale ressursane i havet er for Noreg – og at dersom vi skal nytte desse fullt ut, må vi hauste dei på ein berekraftig måte. 
 
–  Havets biologiske ressursar er langt større enn olje- og gassnæringa i Noreg sett i eit lengre perspektiv, og det bør ha noko å seie for politikkutforminga. 

 

Ønskjer alle politikarar som vil læra velkommen 

 
Havforskingsdirektøren set pris på besøk, også midt i ferietida. 
– Vi er alltid glade for å få besøk av politikarar som ønskjer å læra meir om havet, seier Rogne. – Vi tek gjerne imot, på alle våre stasjonar.