Gå til hovedinnhold

Folgefonnsenteret er opna


Statsminister Erna Solberg

Planane om Folgefonnsenteret går nærare 20 år tilbake, men dei siste to–tre åra skaut arbeidet fart. Erna Solberg opna senteret som vert omtala som eit fyrtårn for forskingsformidling – både nasjonalt og internasjonalt.   

Naturen spela på lag då det var offisiell opning av det nye Folgefonnsenteret på kaien i Rosendal. Fjell, fonn og fjord viste seg frå si beste side – så er også desse naturtypane og korleis vatnet reiser mellom dei eit av dei bærande elementa i utstillinga. 

Statsminister Erna Solberg stod for den offisielle opninga av senteret. Havforskingsdirektør Sissel Rogne klipte snora saman med UiB-rektor Dag Rune Olsen og direktør Tore Furevik frå Bjerknessenteret. Dei tre institusjonane står for innhaldet i utstillinga saman med Folgefonna nasjonalparksenter.

– Folgefonnsenteret gjev oss ein unik anledning til forskingsformidling og kunnskapsdeling, seier Sissel Rogne. Les direktøren si helsing til senteret i kronikken til høgre på sida.

Trio klipper snor

Det faglige innhaldet i Folgefonnsenteret er forankra hos og levert frå Havforskingsinstituttet, Bjerknessenteret og Folgefonna nasjonalparksenter. Snora vart klipt trehendig av havforskingsdirektør Sissel Rogne, UiB-rektor Dag Rune Olsen og Tore Furevik som leiar Bjerknessenteret.

Foto: Torny Aarbakke

Film og animasjonar

Forskar Øystein Skaala frå HI har vore sentral i utviklinga av Folgefonnsenteret heilt sidan ideen først vart lansert for vel 20 år sidan. I oppbygginga av sjølve utstillinga har han hatt med seg eit godt knippe HI-forskarar frå ulike fagfelt. Skaala har leia arbeidet med å redigera og vidareutvikla fagstoffet dei har levert.

 – Det er kjekt å endeleg vera i hamn. Dei siste månadene har vi arbeidd på høggir med å smi om spennande og omfattande tekstar til superkorte animasjonar og filmsnuttar. Etter kvart kjem vi også til å trykka ei bok i lommeformat med følgjetekstar og grafikk til vår del av utstillinga. 

Åtte HI-stasjonar

Det nye senteret ligg på kaien i Rosendal, og heng saman med skipsbyggjarmuseet med eit nybygg. Senteret held ope heile året og er i hovudsak retta inn mot skuleelevar og turistar. Det vert også ein foredragsserie som går gjennom heile året. Den interaktive utstillinga viser vatnet si reise på jorda, klimaendringar, naturmangfald og berekraftig ressursbruk.
HI har åtte stasjonar: Kva er ein fjord, Havet og fjorden snakkar saman, Havet og klimaendringane, Skattejakt i havet, Havdyra ser i mørket, Havbruk og Sjøauren og villaksen. Det vert også vist fire filmar på senteret. På opninga var det premiere på dei to heilt nye filmane «Av vatn er det skapt» og «Der Kronhjorten brøler».