Hopp til hovedteksten
blanktopp
Utskriftsvennlig versjon

Aktivitetar

Simulering av akustikkdata

Det er utvikla fleire avanserte modellar for kollektiv åtferd. Prinsippa bak desse modellane er universelle, og stimfisk vert ofte nytta som modellorganisme for desse modellane. Eit av problema med slike modellar er at dei er vanskeleg å validera mot data. Det vanskeleg å direktemåla åtferda til alle enkeltindivida i ein stim samstundes, og det gjer det vanskeleg å vita kor generelle desse modellane er. I enkelte tilfelle kan ein nytta akustikk til å målfølgja enkeltindivid, men det fungerer berre ved moderate tettleikar. Eit av måla med prosjektet er å simulera det akustiske signalet frå ein modellert fiskestim. Dette vil gje oss svar på kva åtferdsparametrar vi kan trekka ut av akustikkdataa, til dømes frå ein Simrad MS70 multistrålesonar.

Observering av fiskestimar med multistrålesonar

Simrad MS70 er ein svært avansert multistrålesonar, der 500 enkeltstrålar måler fisketettleiken i eit enkelt 'ping'. Ved å senda fleire 'ping' etterkvarandre vil vi kunna byggja opp eit bilete på korleis strukturen i stimen endrar seg over tid.

Parametrisering av åtferdsreglar

Basert på resultata frå dei simulerte akustikkdataa der vi ser kva parametrar vi kan trekka ut, og basert på observasjonane frå feltarbeidet, håpar vi å seia noko om kva åtferdsreglar som styrer åtferda i dei observerte fiskestimane. Denne kunnskapen vil kunne koplast mot modellane vi nyttar til å måla mengde fisk i havet.

Simrad MS70 multistrålesonar
Figur 1. Oversiktsbilete viser Simrad MS70 multistrålesonar.

 

Stim observert med MS70.
Figur 2. Stim observert med MS70. Nedst ser ein botnekkoet.