Eksempel på vegetasjon på fjordbotn

Utskriftsvennlig versjon

EPIGRAPH - eit forskingsprosjekt om kyst- og fjordøkologi

I Porsangerfjorden er stortareskogane sterkt redusert fordi store mengder kråkebollar beiter ned tareplantane. Samstundes er sukkertaren i sterk nedgang og bestanden av brisling kraftig redusert i Hardangerfjorden. For å undersøke kva som skjer i dei to økosystema, starta Havforskingsinstituttet eit strategisk instituttprogram om kyst- og fjordøkologi i 2008.

Forskingsprosjektet EPIGRAPH skal hjelpe forskarane til å forstå årsakene til endringane i Hardangerfjorden og Porsangerfjorden. Med dette prosjektet vonar vi å kunne avdekke meir om innhaldet i fjordøkosystema, korleis dei verkar og ikkje minst korleis menneskeleg verksemd verkar inn på det økologiske samspelet. Kystfarvatna er sterkt utnytta til ulike føremål som mottakar for avrenning frå byar, bygder, industri og akvakultur, som ferdsleåre og som gyte og oppvekstområde for viktige fiskeressursar som blir hausta både av yrkes- og fritidsfiskarar. Prosjektet vil vere svært viktig for å framskaffe kunnskap til bruk i forvaltningsplanar for kystfarvatna våre. EPIGRAPH er forkorting for ”Ecological Processes and Impacts Governing the Resilience and Alternations in the Porsangerfjord and the Hardangerfjord”. Ordet epigraph betyr ”skrifta utanpå” og skal fortelje noko om innhaldet – akkurat slik forskarane vil gjere i prosjektet.

EPIGRAPH er eit samarbeid mellom Havforskingsinstituttet, universiteta i Bergen, Tromsø, Ås og St Andrews i Skottland, NIVA og Høgskulen i Finnmark. Ved hjelp av årlege konferansar skal medarbeidarane i EPIGRAPH dra lærdom av forskinga i dei to ulike økosystema. Desse konferansane vil bli arrangerte i nærleiken av Hardangerfjorden og Porsangerfjorden, og lokale myndigheiter og lokal presse vil bli invitert til å delta.

Kontaktpersonar

Prosjektleiar EPIGRAPH
Arne Bjørge
Tlf. 22 95 87 51

Prosjektleiar Porsanger
Kjell Tormod Nilssen
Tlf. 77 60 97 24
Mob. 900 92 829

Prosjektleiar Hardanger
Øystein Skaala
Tlf. 53 47 35 23
Mob. 476 27 878

Kommunikasjonsansvarleg
Beate Hoddevik Sunnset
Tlf. 55 23 85 16
Mob. 908 21 630

PDF av teksten

Teksten på denne sida er henta frå Havforskningsnytt nr. 3/08 (pdf). Den er også tilgjengeleg på engelsk.