Forskingsprosjektet EPIGRAPH er starta som ei oppfølging av Fiskeri- og kystdepartementet sine føringar. Prosjektet skal gje forvaltinga auka kunnskap om korleis økosystema i Hardanger- og Porsangerfjorden fungerer. For Hardangerfjorden er det oppretta ni delprosjekt:
- Kva innverknad endringar i temperatur, saltinnhald og straum har på økosystemet.
- Næringsstoff, planktonalgar og botndyr.
- Makroalgane i tidevassona.
- Kartlegging av verdfulle og sårbare naturområde.
- Dyreplanktonsamfunnet.
- Brislingen, bestandssituasjon, vekst, rekruttering og bestandsstruktur.
- Kysttorsk og andre viktige fiskeslag.
- Miljøeffektar av havbruk, herunder lakselus og rømt laks.
- Formidling av problemstillingar og resultat for ålmenta.
Algevegetasjonen i Hardangerfjorden før og no
Ei undersøking av algevegetasjonen gjennomført i Hardangerfjorden i 1950-åra er eit viktig referansegrunnlag for EPIGRAPH. Hovudinntrykket frå 2008 er at algevegetasjonen er lite endra på dei undersøkte stasjonane. Sukkertare vart funne heilt inn til Eidfjord, men er vanlegast i den ytre delen av fjorden, slik han var på 1950-talet. Men ei ny art har kome til fjorden sidan sist, den introduserte raudalga japansk sjølyng, som vart funne på mest alle stasjonane, heilt inn i fjordarmane.
Dei fysiske tilhøva påverkar heile økosystemet
To målebøyar i fjorden sender data til Havforskingsinstituttet kvart 10. minutt. Desse observasjonane er tilgjengelege på http://data.nodc.no/observasjonsboye. Målingane viser i periodar uventa kraftig straum i hovudbassenget. Det er store variasjonar i tid og rom, lange periodar med lite straum, men også episodar med kraftige pulsar med store vassmengder som strøymer innover eller utover fjorden. Dette er bra for vassutskiftinga, men medfører samstundes raskare og meir omfattande spreiing av luselarvar.
Dei ville lakse- og sjøaurebestandane
Dei seinare åra er det gjennomført fleire undersøkingar som viser at infeksjonspresset frå lakselus er så høgt at store delar av årsklassane av laks og aure får så store skadar at dei ikkje overlever. I 2008 var situasjonen endå verre enn i 2007 både for laks og aure. Garnfisket etter aure gjennomført våren 2008 viste låg infeksjon i Granvin, som ligg langt inne i fjorden, medan lusepåslaga i midtre og ytre delar av fjorden var så høge at storparten av årsklassen vil få så store skadar at dei døyr utover sommaren.