Hopp til hovedteksten
Jan Mayen - Barentshavet
Jan Mayen i Barentshavet
Foto: Thomas Wenneck
Utskriftsvennlig versjon

Vintertoktet i Barentshavet

Den nordaustarktiske torskesbestanden er verdas største og det viktigaste toktet der vi observerer denne bestanden er det såkalla vintertoktet. Det om byrjar i Barentshavet i februar og vert avslutta med skreiundersøkingane i Lofoten i mars. I januar og februar er den modne fisken på veg til gytefelta, så det som er att oppe i Barentshavet er fisk som ikkje skal gyta.

Lang historie

Denne toktserien har ei historie attende til byrjinga av 1980-talet. På den tida var det kaldt i Barentshavet og mykje is om vinteren. Torsken vart då funnen langt sør i havet, og området som måtte dekkast var ikkje så veldig stort. Dette har gradvis endra seg ettersom det har vorte varmare og varmare i vatnet, og mindre og mindre is. No finn vi torsken spreidd over heile havet, opp til iskanten, som i år ligg nord for 79˚ nord, og heilt aust til Novaya Zemlya. Innsatsen som må til for å dekka heile bestanden av torsk har måtta aukast frå år til år, og dei siste åra har vi hatt to norske og eit russisk fartøy med på dette toktet.

Ikkje berre torsk

Det er ikkje berre torsk vi dekkar under vintertoktet; også hyse er ein viktig art, men den finn vi som oftast ikkje så langt nord som torsken. Også andre artar vert sjølvsagt forska på når vi først har ei slik dekning; lodde, uer, blåkveite, og mange ikkje-kommersielle artar som vi også får i trålen.

Både trål og akustikk

På vintertoktet brukar vi både akustisk metodikk og trål. Dei fleste trålhala er med botntrål, og posisjonane det skal trålast i er bestemt på førehand. Trålhala ligg tettare der vi har erfaring for at det er mest torsk; på denne måten kan vi redusera uvissa i utrekninga av bestandsstorleiken. Innimellom tek vi også pelagiske trålhal, retta mot registreringar vi ser på ekkoloddet. Dette er dels for å sjekka kva artar det er vi ser på ekkoloddet, dels for å få prøvar av lengde, vekt, kjønn, alder, mageinnhald osb. også av den fisken som ikkje står nede ved botnen.

Botntrålhala føregår med ein liten trål, og det vert berre taua eit kvarter i kvart hal. Dette er for å redusera fangsten mest mulig. Særleg er det viktig når det er så mykje torsk som det er no. Det vi er interesserte i er å få eit bilete av tettleiken av fisk ved botnen, ikkje å få store fangstar.

Mange ulike typar prøvar

Det vert teke ei mengd med prøvar av den fisken vi får i trålen. All fisk vert lengdemålt, og på mange vert det målt vekt, bestemt kjønn, teke ut øyresteinar for å bestemma alder, vekta av lever, rogn og melke vert notert, og magen vert analysert for å sjå kva fisken har ete. For nokre vert det også teke genetikkprøvar.
 

Kontaktpersoner