Hopp til hovedteksten
Forskarar_pa_kanten.jpg
Livet på fiskelaben er muntert, sjølv om vi må halda oss fast medan vi jobbar når båten slingrar som verst. Her er Eirik Odland (t.h.), Julie Døvle Johansen og Harald Gjøsæter i aksjon.
Foto: Jan Pedersen
Utskriftsvennlig versjon

Livet på kanten

Toktdagbok: Overskrifta siktar ikkje til iskanten, denne gongen. Sjølv om det også kunne vore aktuelt; vi har hatt isklumpar rundt oss og lufttemperaturen er nett no minus 13,5 grader Celsius. Kanten eg siktar til er den såkalla Eggakanten; skiljet mellom det grunne Barentshavet mot aust og det djupe Norskehavet mot vest. Det fall nemleg i vår lodd i år å dekka denne delen av det totale vintertoktområdet, som skal dekka den isfrie delen av Barentshavet og altså kanten mot Norskehavet.

Dei færraste tenkjer sikkert over at det er slik ein stor skilnad på Barentshavet og Norskehavet. Barentshavet er eit såkalla sokkelhav, det vil seia eit hav som dekkar ein kontinentalsokkel. Eit anna døme på eit sokkelhav er Nordsjøen. Slike hav er grunne, relativt sett. Men Norskehavet er i all hovudsak ikkje eit sokkelhav, men eit djuphav som ligg utanfor kontinentalsokkelen. Legg merke til den bratte skråninga mellom kontinentalsokkelen og djuphavet vestanfor og nordanfor Barentshavet på biletet. Her er djupna koda slik at jo mørkare raudt jo grunnare, jo mørkare blått jo djupare. Og våre stasjonar ligg tett i tett langs denne kanten, nokre litt inn på sokkelen, nokre ut på skråninga ned mot djupet, frå Isfjorden i nord til Tromsø i sør.

 

sval.jpg

Deler av Norskehavet og Barentshavet slik det ser ut om vi tappar ut vatnet og fargar botnen etter kor stort djupet er.

 

Dårleg ver

Vi gjekk om bord i "Helmer Hanssen" i Longyearbyen, som ligg langt inne i Isfjorden, og arbeidar oss søretter langs eggakanten like til Tromsø. Starten vart ikkje så god, vi valde å ikkje forlata kaien i Longyearbyen som planlagt, for det bles sterk kuling til liten storm og snørokket stod rundt oss. Så i staden for å kasta loss måtte vi sikra båten med ekstra tampar, så han ikkje skulle ta laust på eiga hand. Neste morgon hadde det spakna til stiv kuling og vi gjekk til havs. Dei første stasjonane gjekk bra, men dei to neste, som låg utanfor kanten, måtte vi droppa på grunn av for grov sjø til at det var tilrådeleg for mannskapet å gå på dekk. Vi lensa oss unna veret søretter og på dei neste stasjonane var det noko rolegare, så desse fekk vi teke. Men denne vinteren er ikkje fjorårsvinteren lik; stormane står i kø vestanfor og kjem cirka annankvar dag veltande med snøkave og tungsjø, så det har gått svært sakte med arbeidet til no.

Ikkje på djupta

Men arbeidet i fiskelaben må no gå sin gong, så sant det er ver å tråla må vi også ta hand om fangsten. Og torsk har vi fått, og hyse også; på dei djupaste stasjonane dominerer hysa fangstane. Snabeluer sleng det også ein og annan av, og på dei sørlegaste stasjonane vi har teke til no var det også kolmule og augepål. Andre artar har vi førebels sett mindre av sjølv om det alltid er nokre få lodder, ulike arktiske ålebrosmer, steinbitar, skater og anna knask i trålen.

Men litt attende til dette med kanten. Kvifor dekkar vi ikkje dei djupare områda vestafor? Kvifor har vi ikkje trålhal djupare enn ca 500-700 m djup? Det har samanheng med at dette toktet først og fremst er eit tokt der vi skal kartleggja mengda og utbreiinga til torsk og hyse. Og desse artane er i stor grad knytt til område som er grunnare enn dette. Denne kunnskapen byggjer på erfaring frå mange års tokt både i Barentshavet og Norskehavet, så vi brukar ikkje den verdfulle tida vår til å dekka område der vi ikkje kan venta å finna desse artane.

Vanskelig for ekkoloddet

Livet på kanten er forresten ikkje noko enkelt liv. Kanskje for dei som held til her, men ikkje for oss som skal kartleggja dette området. Trålinga går no stort sett greitt, men når det gjeld den akustiske dekninga, som er den andre viktige kartleggings- og mengdemålingsmetoden vi nyttar på dette toktet, er det vanskelegare. Av fleire grunnar. Det eine er av reint praktisk art; på større djup vert det meir støy på ekkolodda våre, og dei høgaste frekvensane vi opererer på når ikkje stort djupare enn 200–300 meter. Sidan vi brukar styrken på ekkoet på ulike frekvensar til å skilja til dømes mellom krill og fisk, vert dette vanskelegare på større djup. Den andre vansken kjem av at på kanten møtes fleire artar, både dei som har si viktigaste utbreiing på djupet vestafor og dei som hovudsakleg held til i Barentshavet austafor. Slik vert det ei vanskelegare oppgåve å skilja mellom dei ulike artane på ekkoloddet. I tillegg til torsk og hyse ved botnen, kjem vi utpå kanten bort i djupvassfisk som blåkveite og uer som står eit stykke innover kanten, og lysprikkfisk og annan djuppelagisk fisk som også kan strekkja utbreiinga si eit stykke innover mot grunnare vatn. Og straks vi kjem litt lenger sør, vil først kolmule og så augepål gjera seg gjeldande langs skråninga. Så her må vi skjerpa sansane og bruka meir tid på å tolka ekkogramma enn kva som er naudsynt lenger aust i Barentshavet.

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet

Kontaktpersoner

Harald Gjøsæter
414 79 177