Hopp til hovedteksten
Sortering_vintertoktet_2014_nett.jpg
Knut Hansen, Arve Kristiansen og Arne Storaker sorterer fisk om bord på "Helmer Hanssen".
Foto: Harald Gjøsæter
Utskriftsvennlig versjon

Vintertoktet går mot slutten

Den nordaustarktiske torskebestanden er verdas største, og nett no er denne bestanden kanskje større enn nokon gong før, i alle fall er no gytebestanden større enn han har vore gjennom heile den perioden vi har observasjonar frå.

Vintertoktet er det viktigaste toktet der vi observerer denne bestanden. Toktet byrjar i februar oppe i Barentshavet og vert avslutta med skreiundersøkingane i Lofoten i mars. I januar og februar er den modne fisken på veg til gytefelta, så det som er att i Barentshavet er fisk som ikkje skal gyta.

Lang historie

Denne toktserien har ei historie attende til byrjinga av 1980-talet. På den tida var det kaldt i Barentshavet og mykje is om vinteren. Torsken vart då funnen langt sør i havet, og området som måtte dekkast var ikkje så veldig stort. Dette har gradvis endra seg ettersom det har vorte varmare og varmare i vatnet, og mindre og mindre is. No finn vi torsken spreidd over heile havet, opp til iskanten, som i år ligg nord for 79˚ nord, og heilt aust til Novaja Semlja. Innsatsen som må til for å dekka heile bestanden av torsk har måtta aukast frå år til år, og dei siste åra har vi hatt to norske og eit russisk fartøy med på dette toktet.

Lodde_vintertoktet_nett.jpg

Lodde.

Foto: Harald Gjøsæter

Ikkje berre torsk

Det er ikkje berre torsk vi dekkar under vintertoktet; også hyse er ein viktig art, men den finn vi som oftast ikkje så langt nord som torsken. Også andre artar vert sjølvsagt forska på når vi først har ei slik dekning; lodde, uer, blåkveite, og mange ikkje-kommersielle artar som vi også får i trålen.

Både trål og akustikk

På vintertoktet brukar vi både akustisk metodikk og trål. Dei fleste trålhala er med botntrål, og posisjonane det skal trålast i er bestemt på førehand. Trålhala ligg tettare der vi har erfaring for at det er mest torsk; på denne måten kan vi redusera uvissa i utrekninga av bestandsstorleiken. Innimellom tek vi også pelagiske trålhal, retta mot registreringar vi ser på ekkoloddet. Dette er dels for å sjekka kva artar det er vi ser på ekkoloddet, dels for å få prøvar av lengde, vekt, kjønn, alder, mageinnhald osb. også av den fisken som ikkje står nede ved botnen.

Botntrålhala føregår med ein liten trål, og det vert berre taua eit kvarter i kvart hal. Dette er for å redusera fangsten mest mogeleg. Særleg er det viktig når det er så mykje torsk som det er no. Det vi er interesserte i er å få eit bilete av tettleiken av fisk ved botnen, ikkje å få store fangstar.

Mange ulike typar prøvar

Det vert teke ei mengd med prøvar av den fisken vi får i trålen. All fisk vert lengdemålt, og på mange vert det målt vekt, bestemt kjønn, teke ut øyresteinar for å bestemma alder, vekta av lever, rogn og melke vert notert, og magen vert analysert for å sjå kva fisken har ete. For nokre vert det også teke genetikkprøvar.

Både norsk og russisk deltaking i år

I år er det ”Helmer Hanssen” og ”Johan Hjort” som dekkar den norske sonen og Svalbardsonen, medan ”Johan Hjort” og det russiske forskingsfartøyet ”Fridtjof Nansen” deler på dekninga i russisk sone. Så snart sjølve vintertoktet er avslutta, vert det ei dekning på gytefelta for torsken, for på denne tida av året er det berre den torsken som ikkje skal gyta som står oppe i Barentshavet. Det skal bli spanande å sjå om det også i år vert rekordstore mengder skrei i Lofoten!

Ikkje mange resultat å melda enno

Sjølv om toktet går mot slutten er det enno ikkje mange resultata å melda om, for det er først etter at alle fartøya har gjort seg ferdige med si dekning og alle øyresteinane er lest og alle data er samla at ein kan setja seg ned å rekna på mengda av fisk. Nokre inntrykk om fordeling får vi likevel fortløpande, og vi har mellom anna lagt merke til at sjølv på dei nordlegaste stasjonane aust av Svalbard, heilt oppe på 79˚N, og på dei austlegaste stasjonane på 74˚N og 51˚Ø, har vi fått noko småtorsk. Dette er område vi ikkje har dekka under vintertokta dei siste åra, dels fordi vi ikkje har hatt nok båttid og dels fordi det har lege is i desse områda. Til no i toktet har vêrtilhøva vore noko skiftande, men om det vert nokolunde arbeidsvêr resten av tokta vil vi i år få ei god dekning av bestandane av både torsk og hyse. Mellom anna har vi fått dekka områda frå Bjørnøya og nordover vest av Svalbard heilt nord til 80˚N, også dette er område som ikkje har vore dekka tidlegare under vintertokta. Også her fann vi både torsk og hyse.

Men vi har ikkje så veldig god tid på oss til å rekna ut årets mengdeindeks på torsk og hyse; like over påske byrjar det årlege møtet i arbeidsgruppa i Det internasjonale havforskingsrådet som steller med Barentshavet, og då skal desse resultata brukast, saman med andre tokt og data frå fiskeria, til å vurdera bestandane og utarbeida eit råd om forvaltinga vidare frametter.

 

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet

Kontaktpersoner

Harald Gjøsæter
414 79 177
Asgeir Aglen
936 30 658
Sigbjørn Mehl
902 71 678