Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Videotråling

Når ein skal lære opp eit system til å automatisk artsidentifisere stimar er det viktig at ein ikkje legg inn feil informasjon. Å blanda inn ein sildestim mellom loddestimane vil då være dumt. For å være sikker på at det vi trålar på berre er rein lodde eller rein sild brukar både ”Eros” og ”Libas” videokamera i trålsekken. Nå kan vi lett sjå om det som kom opp i sekken på dekk var ein enkelt loddestim eller to dottar, ein av kvar sort.

 

Bilde 1 Loddestimer med etterklang.

Se video fra trålsekken (8 MB wmv-fil)

Likeeins kan vi ved å hale på ulikt djup sjå om det er spreidd lodde mellom botnfisken, eller om den lodda vi får i halet har blitt fanga berre nær overflata. Dette er sjølvsagt til god hjelp under tolkinga av ekkogramma i ettertid.
Vi har i år lause kamera og lys i trykkbehaldarar, men vil neste år prøve å få desse bilda opp over trålsonde-kabelen i sanntid. Kameraet vi nyttar no er montert på innsida i mellom overgang og sekk, og ser frå eine sida av overgangen til motsett side, over ca. 4 meters opning. Store opptaksfiler let seg ikkje overføre frå båten, men ein liten smakebit på fangst av ein loddestim er vist i videoen. På stimar trålar vi med stor splitt i sekken, og det aller meste vil gå uskadd ut, medan vi får nok, 30 – 100 kg , til ein prøve.

Frekvensrespons og ”avvikarar”

For opplæring av vårt eige tolkesystem, og for bruk i eit sanntids-system for multifrekvens artsidentifikasjon for fiskarar (SEAT-Sonar exploration and analysis tool) har vi lasta inn eindel ny stim- informasjon. Hovudoppgåva her er i dette toktet å kunne sikkert skilje mellom stimar av lodde og stimar av småsild, som var eit problem på den austlige delen av toktområdet i fjor. Sidan ein ikkje kan ta trålprøver av kvar stim er det sjølvsagt viktig for oss å kunne skilje stimar akustisk.


Bilde 2. Resultat frå Diskriminant-analyse for loddestimar, sildestimar, og “avvikande loddestimar” Her ser ein at ved å bruke frekvensresponsen på 5 frekvensar kan med rimeleg visse skilje mellom sildestimar (grøne) og loddestimar (Røde). Problemet er det vi har kalla avvikarar(lys grøne), som har vist reflekterer et spektrum som liknar på ekkoresponsen fra makrell (ikkje vist her).

Til dette brukar vi fem ekkolodd som sender samstundes med same strålebredde og pulslengde lyd ned på stimen med ulik frekvens. Dersom ekkostyrken frå stimen (og alle delar av stimen) er den same på alle frekvensar seier vi at den har ”flat” frekvensrespons. Den kan også ha stigande respons med frekvens, eller fallande. Den kan også være variabel over frekvensbandet. Måten fisken reflekterer dei ulike frekvensane på fortel noko om målet si evne til å reflektere ekko, eller å tilbakespreie lyd. Her spelar fiskekroppen sine einskilde delar og organ ei viktig rolle, men også måten fisken oppfører seg inne i stimen.

For fisk med symjeblære (som lodde og sild) er denne den aller viktigaste fordi om lag 90% av ekkoet blir danna her. Fett og kroppsmusklar er nest viktigast og ryggrad og bein tredje viktigast. For fisk som manglar ei luftfylt blære er det musklar og ryggrad som gir hovudtyngda av ekkoet. Likeeins vil fisk som sym rett fram, og slik har ”breisida” imot sendaren gi eit mykje sterkare ekko enn fisk som sym opp eller ned idet lyden treff fisken. Ettersom ekkoet blir danna i løpet av 1/1000 sekund, er ekkoet frå ein stim et ”frysebilde” på vinkelfordelinga av fisken inne i stimen idet bildet blir teke. Denne har også stor betyding for stimens ”etterklang”, som er ringing av lyd imellom fisk inne i stimen, lenge etter at hovud-ekkoet er returnert. På tette simar ser ein dette som ein lang hale av svake ekko under stimen, sjå Bilde 1.


Tabell 1. Diskriminantanalysen viser at vi kan identifisere lodde med 86% visse, og sild med 91% visse, medan avvikarane ikkje lett kan identifiserast.

Dersom vi måler frekvensresponsen til loddestimar får vi eit middel-resultat med ei viss spreiing. Nokre ser slik ut og andre ser slik ut. Og nokre få stimar er ”avvikarar”, og ser ikkje ut som loddestimar i det heile. Til stor overrasking for oss fikk vi nokre slike heilt i starten av toktet, rett sør for Bjørnøya. Ekkoet frå desse stimane likna mykje meir på makrell enn på lodde eller sild. Tråling viste rein stor-lodde med 6% rogn. Målstyrkemåling inne i stimane med TS –proben viste også det same; overraskande lavt ekko for såpass stor lodde. Her var noko mystisk på gang, og forskar-hovuda fikk noko nytt å spekulere på. Forslaget kom brått frå uventa hald: ”Dersom lodda skal ha respons som makrell, ja då må det være fisk utan symjeblære”. Prøvetakarane Jan Henrik og Bjørn Vidar vart då prompte sett til å forsiktig grave fram og fotografere symjeblærer i stor stil, sjølvsagt på frivakt og langt utanom normale arbeidstids-reglar. ”Norge takkar deg” var svaret frå toktleiaren då det vart ymta frampå om overtid for slikt arbeid.


Bilde 2. Mellombels frekvensrespons for loddestimar, (modnande storlodde) og for sild (småsild 3- og 4-åringar) registert ombord på "Eros".

Arbeidet bar som vanleg frukter, og det vart vist at desse avvikarane faktisk ikkje hadde luft i symjeblæra i det heile. ”Avviket” var forklart. Korleis lodda klarer å halda seg flytande på 50 – 100 meters djup utan oppdrift frå blæra er framleis spekulasjon, men for mengdemålingsmetodikk er det interessant. Ekkoet frå slike stimar vert 5 - 7 gangar lågare og målet blir svakt på ekkolodd og sonar. Kanskje er det ein strategi for å unngå dei store predatorane som også brukar sonar for å finne si føde? Økologane våre får tenkje litt på dette. I alle fall skaper dei litt problem for oss som skal tolke ekkolodd-data på toktet. Bilde 2 viser midlere frevensrespons for sild og lodde, med spreiingsmål. Sterkt ekko på 18 og på 200 kHz, medan det er lågare på mellomfrekvensane er typisk for lodde. Sterkt ekko på 18 kHz og gradvis svakare ekko på høgare frekvensar er typisk for sild. Men inne i mengda av loddestimar er det variasjon, akkurat som for ulike ansiktsformer på Nordmenn. Bilde 3 og Tabell 1 viser mellombels resultat frå ein diskriminantanalyse som viser kor godt eller dårlig vi separerer lodde frå småsild. Dei ”avvikande” loddetimane er vist som eiga gruppe. Vidare arbeid på dette for resten av toktet vil truleg betre biletet når talet på stimar veks.

Egil Ona, MS ”Eros”

 


 

Fakta om lodde

Latinsk navn: Mallotus villosus
Andre norske namn:
Hannfisk kallast faks-lodde og hofisk sil-lodde
Familie: Loddefamilien Osmeridae
Maks storleik: Sjeldan over 20 cm og 50 gram
Levetid: Sjeldan meir enn 5 år
Leveområde: Barentshavet
Hovudgyteområde: Kystnært ved Troms, Finnmark og Kolahalvøya
Gytetidspunkt: Mars–april
Føde: Plankton
Særtrekk: Namnet har lodda fått fordi hannen får ei stripe av hårete skjel langs sida i gytetida.

Lodde i Barentshavet

Kontaktpersoner

Egil Ona
909 98 087