Hopp til hovedteksten
Lodde sortering av fangst
Utskriftsvennlig versjon

Eit tidleg og vestleg loddeinnsig

To norske og eitt russisk fartøy har i løpet av februar undersøkt årets loddeinnsig. Mengda modnande lodde er berekna til 470 000 tonn, som er i samsvar med prognosen frå økosystemtoktet i september 2007. Dette er eit førebels tal, og det gjenstår mellom anna berekning av uvisse.

Kart over loddekonsentrasjoner

Raude område på biletet over tydar tettare konsentrasjonar av lodde. Kart: Dmitri Prozorkevitch.

 

På toktet er det gjort målingar av akustisk målstyrke og vandringsfart. Slike målingar er naudsynte for ei mogleg framtidig bruk av vintertokt i forvaltinga av loddebestanden.

Det vestlege innsiget er uvanleg tidleg. Det vart også gjort registreringar av modnande lodde i den austlege delen av Barentshavet. Eit seinare austleg innsig kan derfor ikkje utelukkast. Det vart også regisrert ungsild i undersøkingsområdet.

 

Fakta om lodde

Latinsk navn: Mallotus villosus
Andre norske namn:
Hannfisk kallast faks-lodde og hofisk sil-lodde
Familie: Loddefamilien Osmeridae
Maks storleik: Sjeldan over 20 cm og 50 gram
Levetid: Sjeldan meir enn 5 år
Leveområde: Barentshavet
Hovudgyteområde: Kystnært ved Troms, Finnmark og Kolahalvøya
Gytetidspunkt: Mars–april
Føde: Plankton
Særtrekk: Namnet har lodda fått fordi hannen får ei stripe av hårete skjel langs sida i gytetida.

Lodde i Barentshavet