Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Dag 12 - Ein fin dag i lab'en

[29.03.06]
I laboratoriet er det folk så å seie heile tida sidan vi går eit to-vaktsystem, 6 timar på og 6 timar fri. Kva vi gjer på frivakt vil vi ikkje skrive så mykje om her, men kva som foregår i lab-en vil vi prøve å gi andre eit lite innblikk i.

I vaktskiftet går avtroppande vakt blide og fornøgde av etter endt innsats, og går då raskt og målretta mot stuertens delikatesser. Mens påtroppande vakt kjem klar til innsats - mett, fornøgd og spent på kva som møter ein. I vaktskiftet utvekslar vi informasjon om kva som har foregått på vakta, og kva påtroppande vakt kan vente seg. Vi rekk også faglege diskusjonar slik at vi blir einige og samstemte i prøvetakinga som foregår i lab-en. 

Artsbestemming

Det er alltid svært spanande å sjå kva vi fangar i trålen. Og det som ofte kan sjå ut som ”reine” hal av berre ein eller to artar når trålen glir inn på dekk, viser seg ofte å inneholde mykje spanande. Sidan vi tråler med finmaska trål (20 mm maskevidde), vert det ofte mange forskjellige artar i alle størrelsar som kjem i trålen. Så når fisken kjem dettande inn og ned på sorteringsbordet vårt inne i lab-en, ja då kastar vi oss over fangsten i iver og spenning. Av og til dukkar det opp artar som ikkje er vanlege i dette området som vi er i no, andre gongar ein og annan art som vi ikkje har sett før i det heile tatt. Då blir desse fryst ned slik at ekspertar i artsbestemming kan slå fast kva slags fisk vi fekk. Så langt har vi registrert 44 forskjellige artar på denne turen. I dag fekk vi ein torsk som var 24,5 kilo, den største hittil!

Registrere data

Etter at fangsten er sortert etter art, bruker vi vekt og elektronisk målebrett til å registrere data. Fisken vert lengdemålt, og vi tek individprøver av målartane. Det som vert registrert i tilegg til lengde når vi tek individprøver er følgjande: Fisken si vekt, kjønn, modningstadium, levervekt og rognvekt. Magar vert frosne ned til diettanalyse, og otolittane (øyresteinane) vert samla inn. På enkelte hal vert det også samla inn blodprøver, finnar og muskelvev av fisken til DNA-analyse. Dette blir mellom anna brukt til å skilje kysttorsk og skrei genetisk frå kvarandre.

Høgrøsta kan vi nok bli nokre gongar når vi blir engasjert i faglege diskusjonar, men vi brukar å bli einige, og engasjemanget kan ingen ta frå oss. Høgrøsta synging har det derimot ikkje vore så mykje av (ikkje om bord, men kanskje i land?), men nynning, plystring og lavmelt synging foregår i lab-en, sidan det er lett å få ein song ”på hjerna”. Og musikk til arbeidet er viktig.

Etter at alle data er lagt inn i det elektroniske målebrettet, får vår kjære lab seg ein vask, og blir atter klar til neste hal som kan kome inn på dekk kva tid som helst. Data blir ført over til PC, testa og kvalitetsikra, før toktleiaren som sit og ivrar kan få tilgong til blodferske data frå siste hal. 

Tida mellom dei store fiskeslaga i lab-en fyller vi ved hjelp av mikroskopa som vert nytta til å lese alder og gytealder på fisken. Når det gjeld torskeotolittar kan vi også sjå om det er kysttorsk eller skrei.

Her er ein song som passar svært godt i lab-en og andre stadar under skrei-/Lofottoktet:

 
Lofottorsken

 

En ekte Lofottorsk jeg er,
for jeg er født i Henningsvær.
Fadderullan dei, fadderullan dei,
fadderullandullan dei.

Den gang var jeg et torske-egg,
nå er jeg voksen torsk med skjegg.
Fadderullan dei, fadderullan dei,
fadderullandullan dei.

Nå er jeg selv blitt torskefar,
og hundre tusen barn jeg har.
Fadderullan dei, fadderullan dei,
fadderullandullan dei.

Da jeg var lite torskebarn,
jeg passet meg for krok og garn.
Fadderullan dei, fadderullan dei,
fadderullandullan dei.

Jeg gjemte meg for sild og sei.
for alle ville spise meg.
Fadderullan dei, fadderullan dei,
fadderullandullan dei.

Men nå er jeg blitt stor og slem,
nå er det jeg som spiser dem,
Fadderullan dei, fadderullan dei,
fadderullandullan dei.

Men når jeg ser en fiskemann,
da rømmer jeg så fort jeg kan.
Fadderullan dei, fadderullan dei,
fadderullandullan dei.

Men det fins garn av alle slag,
jeg blir nok tatt en vakker dag.
Fadderullan dei, fadderullan dei,
fadderullandullan dei.

      Hvis én til slutt skal spise meg,
      så håper jeg at det blir deg!
      Fadderullan dei, fadderullan dei,
      fadderullandullan dei.


Labbetuss & co