Hopp til hovedteksten
Knoelkval_-16-x-9.jpg
Tre knølkval, to beiter på lodde i overflata.
Foto: Yasmin Hunt
Utskriftsvennlig versjon

”Johan Hjort” på kvalsafari

Toktdagbok: Om bord på ”Johan Hjort” er det med to kvalobservatørar som registrer kval langs kurslinja så sant det er ver til det. Når det er grov sjø eller skodde, må registreringane stoppa. 28. august kom vi inn i eit område litt sør for Hopen med store førekomstar av knølkval.

Det vart observert om lag 150 dyr som beita på tette loddestimar som stod frå botnen og opp til overflata. Før vi kom inn i dette området, og etterpå, stod lodda meir spreitt, så det kunne verka som om kvalen hadde klart å samla lodda.

 

Y.Hunt6small.jpg

Personell på ”Johan Hjort” fotograferer knølkval.

Foto: Yasmin Hunt

 

Det vart teke gode ID-foto av halefinnen til fleire knølkval. Undersida av halefinnen har individuelle fargeteikningar som blir brukt i populasjonsstudier. Det blir bygd opp bibliotek for å finna ut kva individ som blir observert når og kor. Ved fleire tidlegare høve har ein fotografert same individ både i Barentshavet og i Karibia og såleis slått fast at Karibia er nytta som vinterområde for i alle fall ein del av barentshavbestanden av knølkval.

 

Y.hunt11small.jpg

Prøve av 2–3 år gammal lodde frå trålfangst i kvalområdet.

Foto: Yasmin Hunt

 

Om hausten vandrar knølkvalen til vinterområda. Dei beiter vanlegvis ikkje under vandringsperioden, så krill, lodde og sild i Barentshavet er svært viktig føde for å byggje opp energilagra til vinteropphaldet i sør. Knølkvalen er ein bardekval. Det betyr at den ikkje har tenner, men filtrerer føda.  Børstane på bardane fungerer som filter og samlar opp maten frå sjøvatnet. Dette kunne vi sjå under ”kvalsafarien” vår.  

 

Lodde_Hval_Log_6275.jpg

Ekkoregistrering av loddestimar frå overflata til 80 meters djup i kvalområdet.

Copyright Havforskningsinstituttet

 

Dyra parar seg i vinterområda der kjønnsmodne hannar lagar songliknande lydar for å tiltrekkja seg hoer. Song blir også brukt til å kommunisera. Kalvane blir født om vinteren og er saman med mora i minst eitt år. Svangerskapsperioden er 11,5 månader og kalven er 4–4,5 meter lang ved fødselen.

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet

Kontaktpersoner

Sigbjørn Mehl
902 71 678