Hopp til hovedteksten
Solskin-i-Smuttholet_-nett.jpg
Det var her sommaren gøymte seg i år!
Foto: Bjørn Einar Grøsvik
Utskriftsvennlig versjon

Første år med plastikkprøvar

I år er første gong vi tar prøvar av mikroplastikk under økosystemtoktet i Barentshavet, skriv havforskar Bjørn Einar Grøsvik i dette kapitlet av toktdagboka.

Årets økosystemtokt er i gang og Johan Hjort er no ferdig med Finnmarkskysten og på veg nordover i Barentshavet Aust (Smuttholet). Der fann vi også sola og sommartemperaturen.

Prøvetakinga går raskt unna med erfarne folk i alle ledd. Vi er også med frå forskingsgruppa Miljøkjemi dette året, sidan vi rullerar med tre års mellomrom i Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen. Vi tar prøvar for kjemiske analysar av radioaktivitet, persistente organiske miljøgifter (persistent = stoff som blir seint nedbroten) og analysar av biomarkørar for forureining. Prøvar for radioaktivitet tar vi frå sjøvatn, sediment og fiskemuskel. For persistente organiske miljøgifter hentar vi prøvar frå sediment, fiskemuskel og -lever. Prøvane for  biomarkørar for forureining tar vi frå fiskelever, -galle og -blod.

Fig2-Miljoekjemi-proevetakning_-nett.jpg

Prøvetaking for miljøkjemi med god hjelp frå teknikarar i botnfiskgruppa. F.v. Guri Nesje, Arne Storaker og Julie Døvle Johansen.

Foto: Bjørn Einar Grøsvik

Dette er nyttig for tidsseriar og for å kunne samanlikne nivå i Barentshavet med det vi finn i Nordsjøen og Norskehavet. Nytt for dette toktet er at vi også tar prøvar av mikroplastikk frå sjøvassinntaket.  Vi filtrerer 2 m3  over ulike filterstorleikar for å få tall på mikroplastpartiklar i overflatevatn. Vi har også med ein håv (Otter Surface Sampler) som Thor Heyerdahl jr. brukte til å overvake partikulær oljeforureining i overflatevatnet i norske havområde på 70-talet.

Fig3-Heierdal-haav_-red_-nett.jpg

Håv for overvaking av forureining i overflatevatnet i arbeid.

Foto: Bjørn Einar Grøsvik

Dette er interessant reiskap også for å telja partiklar av mikroplastikk i overflata, og det blir spennande å sjå om vi kan få nye data for begge deler i løpet av toktet. Elles verkar livet lett når ein kan forsyne seg av nytrekte reker på dekk.

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet

Kontaktpersoner