Hopp til hovedteksten
Sonar.JPG
Figur 1: Slik ser ein loddestim ut på sonaren. Denne stimen er litt til sida for båten, så denne vil ikkje bli fanga opp av ekkoloddet, som berre ser rett ned under båten.
Utskriftsvennlig versjon

Vi ser for det meste ned, men kastar også eit blikk ut til sida…

Eit viktig formål med økosystemtoktet er å måla mengda av lodde og annan fisk i vassøyla, og her er det først og fremst akustiske metodar vi brukar, skriv toktleiaren på "Johan Hjort", Harald Gjøsæter.

Tradisjonelt er det ekkoloddet som har blitt brukt til å samla data om fiskemengde. Ekkoloddet ”ser” rett nedover under båten, det er som om vi skulle segla rundt med ei smal lysstråle frå ei lommelykt loddrett ned gjennom havet, berre at her er det snakk om ei lydstråle, ikkje ei lysstråle. Dette er ei svært smal lydstråle; berre på lag 12 meter brei på 100 meter djup, og vi ”ser” berre fisk som står inne i denne smale stråla. Om fisken er jamt fordelt utover i eit område, er dette godt nok. Vi får eit godt bilete av tettleiken av fisk langs kursen båten har gått, og når vi gangar opp denne tetteleiken med arealet dekninga har føregått i, så skulle fiskemengda vera rimeleg godt anslått.

Ikkje jamt fordelt

Men artar som lodde og sild står på ingen måte jamt fordelt. I alle fall til tider av døgnet står slike artar i stim, og då minkar sjansen for at vi skal treffa fisken med den smale ”lommelyktkjegla” vår. Framleis kan vi oppnå gode anslag for kor mykje fisk det er i eit område, men uvissa i slike anslag aukar når fisken står i stimar. Då finst det eit anna instrument som er eit godt supplement til ekkoloddet; nemleg sonaren. Ein sonar er som eit ekkolodd, berre at lydstråla kan styrast i alle mulige retningar. Og moderne sonarar har ikkje berre ei lydstråle, men mange, så i staden for ei smal ”lommelyktkjegle” ser vi ein brei sektor for kvar gong sonaren sender ut ein lydpuls. Ekkoloddet kan samanliknast med å sjå ned i havet gjennom eit nøkkelhol, og sonaren med å sjå gjennom eit panoramavindauga! Observasjonsvolumet vårt aukar drastisk. Dessutan kan sonaren sjå også i dei øvre vasslaga, medan ekkoloddet sjølvsagt ikkje kan sjå det som måtte stå grunnare enn svingaren er plassert under botnen av båten.

ekkolodd.JPG

Figur 2: Slik ser loddestimar ut på ekkoloddet. Desse står midt i sjøen, ca 20 m over botnen.

Interessant

Sonarar har det funnest i mange år, men dei har stort sett vore bruka på fiskebåtar for å finna stimar som dei kan kasta nota rundt. Men no har utviklinga av sonaren kome så langt at dette instrumentet også er blitt interessant for oss som steller med mengdemåling i vitskapleg samanheng. No kan ein sonar kalibrerast på same måte som eit ekkolodd, så ekkosignala kan handsamast i datamaskinar og omgjerast til fiskemengde, mykje på same måte som vi i lange tider har gjort med signala frå ekkolodda. Ved Havforskingsinstituttet er det nokre som held på med å utvikla dataprogram for å nytta sonar som eit mengdemålingsinstrument, og under økosystemtoktet i år samlar vi inn data for å testa desse nye metodane og samanlikna dei med dei gamle, velprøvde metodane. Særleg i det området vi dekkar no; områda aust om Svalbard, kor lodda held til, samlar vi interessante data for å vidareutvikla denne metodikken.

Kven veit, om eit år eller to så kan vi kanskje ta i bruk sonaren til mengdemåling av lodda på lik line med ekkoloddet?

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet

Kontaktpersoner

Harald Gjøsæter
414 79 177