Hopp til hovedteksten
Økosystemtokt i Barentshavet 2011
Utskriftsvennlig versjon

0-gruppe torsk i nesten kvart einaste trålhal

Med knapt ei veke att av økosystemtoktet i Barentshavet med ”Christina E” er det 0-gruppe torsk som dominerer, og det har vore registrering av 0-gruppe torsk i storparten av det området me har dekka hittil, nærare bestemt frå 71o00’N til 74o45’N og mellom 21o30’E og 41o00’E.

Det har vore fangst av 0-gruppe torsk i 93 av totalt 98 trålhal, og talet er no oppe i 175 000 individ. Som ein god nummer to kjem 0-gruppe sild med 41 000 individ delt på 40 trålhal. 0-gruppe lodde har vore representert i 46 trålhal, men kun 22 000 individ totalt. Litt fangst av 0-gruppe hyse har det vore i mange hal, nærare bestemt 64, men totalt berre 12 000 individ. Det er lite 0-gruppe uer, berre knapt 600 individ delt på 17 trålhal.

Endeleg loddelukt om bord

Dei fyrste nemneverdige lodderegistreringane fekk me i posisjon 73o30’N, 36o30’E. Det var samanhangande lodderegistreringar derifrå og austover til 40oE, vidare nord til 74o10’N, og vestover langs denne breiddegraden til 32o00’E. Storparten av lodda er umoden.

I det sørlegaste området var det spreidde førekomstar av sild av 2009-årsklassen. Augepål og snabeluer har utgjort størstedelen av dei små fangstane i botntråla så langt. Det har vore litt hyse og lite torsk. I 23 trålhal har det vore fangst på meir enn 5 kg reke, med vel 40 kg i det beste halet.

Det sørlege området er ikkje det mest artsrike med tanke på botndyr (bentos), og fangstane har vore små. Men etter kvart som me har flytta oss lenger nordover har fangstane auka på og artsmangfaldet er mykje rikare.

Raudåte dominerer i håvtrekka

Krilleksperten vår, Bjørnar Ellertsen rapporterer at det i WP2-håven som vanleg er dominans av raudåte, noko ishavsåte, nokre få krill, amfipodar og pilorm. Dei vanlegaste krillartane er storkrill (Meganyctiphanes norvegica ) og dei mindre Thysanoessa inermis og Thysanoessa longicaudata. Ein art som er meir vanleg i Norskehavet, Nematoscelis megalops er det òg funne nokre av. I krilltrålhala som går frå botnen til overflata, er det pga. maskevidda mest storkrill, men mengdene er nokså lave, maksimum om lag 1,5 kg i eitt hal. Maneter fins i store mengder både i krilltråla, i WP2-håven og i den noko større håven som vert brukt til manetundersøkingar. I vekt dominerer brennmaneta, Cyanea capillata, medan kammanetene er mest talrike. Generelt synest planktonsamansetninga og mengda å vera som venta. Endelege data over planktonmengdene vil ikkje vera klare før tørrvektprøvane er analyserte i Bergen.

Brugda, den største fisken i våre farvatn

Med sine 4 tonn og ei lengde på 8-10 meter, unntaksvis over 13 meter, er brugda som er ein haiart, den største fisken i våre farvatn. På verdsbasis er brugda den nest største fisken, berre slått av kvalhaien. Tre individ er observert hittil på toktet. 15 flokkar på til saman om lag 150 dyr har kvalobservatørane observert av delfinarten kvitnos. Av storkval er det vågekval som hittil har vore mest talrik med 14 dyr, dernest kjem finnkval med 9 dyr. Ellers er det observert ein spermkval og ein knølkval, to niser og om lag 30 spekkhoggarar. Sara og Yasmin ynskjer seg lenger nord der den store lodda står, og knøl og annan storkval rår grunnen. Det skjønar eg godt, det nordlegaste området er det desidert mest interessante sett både frå ein kvalobservatør og ein loddeentusiast sin synsstad.

Fiskeri og forsking

”Christina E” er eit 80 meter langt ringnotfartøy og vart overlevert frå verftet i Skagen i Danmark i juni i år, og er det siste og eit av dei største tilskota til denne flåtegruppa. ”Christina E” er heimehøyrande i Herøy i Møre og Romsdal, er rigga for not og trål, og har konsesjon for notfiske etter sild, makrell, taggmakrell, brisling og lodde i tillegg til trålfiske etter kolmule. Fartøyet er òg utrusta med tanke på utleige til fiskeriforsking og oljeretta aktivitet. Det skulle ikkje gå meir enn 2 månader frå fartøyet vart overlevert til reiarlaget Ervik og Sævik AS før det fekk fyrste forskingsoppdraget som erstatningsfartøy for ”G.O. Sars”. Fartøyet er utrusta med senkekjøl med 5 svingarar (18, 38, 70, 120 og 200 kHz), med ein GPT til kvar svingar. GPT-ane er tilkopla ein Simrad APC-PC med ER60 programvare, dvs. full forskingsversjon.

Godt samarbeid

Havforskingsinstituttet har god erfaring etter mange års bruk av ringnotfartøy/kolmuletrålarar, hovudsakleg til mengdemåling av pelagisk fisk i Norskehavet. Dei siste åra er det kome fleire fartøy i denne flåtergruppa som er godt utstyrt til dette formålet. Eg vil nytta høve til å skryta av samarbeidet med mannskapa på desse fartøya. Dei er alltid imøtekomande og fleksible og flinke til å finna løysingar på det meste. Det er også i høgste grad tilfelle med mannskapet her om bord på ”Christina E”. Det er fyrste gongen eit slikt fartøy vert brukt til eit så omfattande tokt som Økosystemtoktet i Barentshavet er.

Målsetjinga er å gjennomføra det meste av det opprinnelege toktprogrammet som var sett opp på ”G.O. Sars”, og me er 16 toktdeltakarar frå 5 ulike nasjonar med på dette toktet i tillegg til eit mannskap på 11. Det krev god plass og byr på visse utfordringar når prøvar av botnfisk, pelagisk fisk, reke, botndyr og plankton skal opparbeidast frå kvar stasjon. I tillegg til dei tre små lab-ane som er om bord her, har mannskapet stilt trålverkstad, maskinistgarderobe og ein verkstad framunder bakken til vår disposisjon, og dei veit ikkje kva godt dei skal gjera for å leggja tilhøva best mogleg til rette for oss. Sorteringsbord er laga til ute på tråldekket, og det fungerer fint i det gode vêret me har hatt på dette toktet.

Feiring av 40-årsdag

Frank Midtøy frå Universitetet i Bergen har dei siste 10 åra vore i Barentshavet på bursdagen sin, og i år vart det feiring av 40-årsdag med kaffi og kaker. Yasmin hadde laga eit fint havfruekort, og både slips og linjeaquavit såg ut til å falla i smak, men flaska lyt han venta med å spretta til han kjem heim. Kommentaren til Stuart Murray då han kom inn i messa, var at det såg ut som kumagar i taket. Ja, eingongshanskar kan brukast til så mangt, også til pynting til fest. Det sosiale livet om bord er viktig, og mannskap og toktdeltakarar har funne ein god tone seg imellom.

Ei ny tid i Barentshavet

For oss som nesten årleg sidan 1975 har reist på tokt i Barentshavet er det underleg å nærmast koma på kollisjonskurs med seismikkfartøy under tråling. Det har faktisk hendt fleire gongar på dette toktet. Når eit seismikkfartøy kjem med 8 km lange kablar på slep, så er det berre å halda seg unna. Kampen om det svarte gullet er for alvor i gong i Barentshavet, kanskje både på godt og vondt.
 

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet

Kontaktpersoner

Jostein Røttingen
452 51 951