Hopp til hovedteksten
loddefangst_imr.jpg
Loddefangst.
Foto: Harald Gjøsæter
Utskriftsvennlig versjon

Storlodde langt mot nord

Og så var økosystemtoktet over for denne gongen. Førsteinntrykket er at det slett ikkje ser svart ut. Det vert kaldare, men framleis varmare enn ”normalen”. Rekrutteringa til dei fleste fiskebestandane ser ut til å vera om ikkje svært god, så i alle fall over gjennomsnittet. Loddebestanden er framleis stor. I år stod stordlodda til og med nord for Kong Karls Land opp mot Kvitøya

Av Harald Gjøsæter, toktleiar Johan Hjort, siste delen

Dei 10 siste dagane av toktet har vi bokstaveleg tala vore nord i einsemda. Tre av dei fem båtane som har vore med på toktet er ferdige. Berre "Johan Hjort" og "Vilnyus" har halde ut til det siste. Ikkje berre det, men sidan dekninga av havet byrja i sør, var det no berre områda nord for allfarveg som stod att å dekka. Og som om ikkje det heller var nok: Satellittsambandet braut saman etter eit par dagar på sjøen, så vi har vore totalt isolert frå omverda (bortsett frå mellombølgetelefoni via Bodø Radio).

Håven raud av plankton

Men om sambandet med omverda forsvann, var det liv og røre på Johan Hjort, for sjølv om desse nordlegaste områda av Barentshavet mellom Svalbard og Franz Josefs Land kan verka kalde og ugjestmilde, er dette nokon av dei mest interessante områda å studera. Trass i at gradestokken kraup ned mot -1.5°C når CTD-sonden vart låra ned mot botnen, såg ikkje det ut til å leggja ein dempar på livet under havflata. Det gjekk ikkje mange minuttane mellom kvar gong kvalobservatørane noterte ”kval i sikte” i boka si, og ikkje lenge mellom kvar gong ein knallraud og kjempesvær loddestim viste seg på ekkoloddet. Fin og feit torsk meska seg i loddebingen, og planktonhåvane var raude av plankton.

Kven lokkar storlodda nord?

Det er nok ikkje tilfeldig at det er slik. Alt i naturen heng saman, sjølv om vi langt frå forstår å tolka alt vi ser. Kanskje det er dei store planktonartane som lever i det arktiske vatnet som lokkar den største lodda så langt nord? Det er i alle fall her vi finn storlodda, og i år stod ho til og med nord for Kong Karls Land opp mot Kvitøya. Og der dei tettaste og største loddestimane stod, der var også, som vanleg, knølkvalen å finna. Kvar gong vi sig inn mot ein flokk med knølkval, kan vi vera heilt sikre på at det snart er raudt av lodde på ekkoloddskjermane.

Men er det lodda eller planktonet som lokkar knølkvalen heilt nord til kaldvatnet? Det er det ulike meiningar om, og det kan vi leva med. For det er jo ingen som veit sikkert. Kva knølkvalen har i magen får han halda hemmeleg. Det får ikkje torsken, for der står prøvetakarane klare med kniven så snart han er på dekk. Og ingen vert vel overraska over at det er mest lodde som openberrar seg i torskemagane her nord.

Klar for reknearbeidet

Eit økosystemtokt skal ”ta temperaturen” på eit havområde, både i bokstavleg og overført tyding.  Korleis har økosystemet endra seg sidan sist vi undersøkte det, eller over ein lengre tidsbolk? Kva skjer med det fysiske miljøet, vert det kaldare (som i Barentshavet dei siste åra) eller varmare (som mange andre område)? Er det god balanse mellom ”innbyggarane” på dei ulike nivåa i økosystemet? Spørsmåla er mange. Nokre av dei vil finna svar når vi no skal setja oss ned i fire dagar og gå gjennom data, samanlikna dei ulike områda dekka av ulike fartøy, rekna på bestandsstorleikar osb.

Framleis stor loddebestand 

Førebels er det umulig å skaffa seg eit oversyn over alle delane i denne store undersøkinga, men førsteinntrykket er at det slett ikkje ser svart ut. Rett nok vert det kaldare, men framleis er det varmare enn ”normalen”. Og rekrutteringa til dei fleste fiskebestandane ser ut til å vera om ikkje svært god, så i alle fall over gjennomsnittet.

Loddebestanden synest å vera på same nivå som i dei to føregåande åra, altså framleis stor, og det er godt med 1-åringar som skal halda bestanden oppe dei neste par åra. Det kan også tyda på at det er godt om mat både for torsken og sjøpattedyra, sjølv om også fleire av predatorbestandane i Barentshavet for tida er på eit høgt nivå. Meir enn dette er det vel ikkje verdt å spekulera, berre nokre dagar før toktresultata er klare.


 


 

Kontaktpersoner

Harald Gjøsæter
414 79 177