Hopp til hovedteksten
Liten gutt på "Johan Hjort"
Ein av dei små gjestene som lét seg fascinera av årets loddefangst.
Foto: Hege Iren Svensen
Utskriftsvennlig versjon

Inviterte små og store om bord

Økosystemtoktet: Nysgjerrige små og store gjester nytta høvet til ein rundtur då ”Johan Hjort” låg til kai i Vadsø. Om bord fekk dei studera tekniske finessar og fisk i ulike fasongar.  

"Johan Hjort" heldt åpen båt under festivalen Polar Spectacle i Vadsø førre veke.  Det var eit jamnt sig av besøkande dei timane båten stod til disposisjon for publikum. Om bord tok gjestene seg god tid på dei ulike stasjonane, som var bemanna av mannskap og forskarar.

Johan Hjort

Publikum fekk studera tekniske finessar om bord  på forskingsskipet ”Johan Hjort”.

”Johan Hjort” var i sluttfasen på årets økosystemtokt i Barentshavet, og hadde mellom anna fersk lodde, plankton og nye otolittar (øyrestein frå fisk) å visa fram.

Her er fartøyene

Toktkart for fartøyene som er med på toktet.


les mer