Hopp til hovedteksten
Hopen stasjon
Hopen meteorologiske stasjon sett frå Johan Hjort.
Foto: Tom Ole Drange
Utskriftsvennlig versjon

Eksotisk øybesøk

Økosystemtoktet: Søndag fekk vi eit kjærkome avbrekk i toktkvardagen. Ein av kursane våre tok oss like sør for Hopen, og då nytta vi høvet til å besøkja den meteorologiske stasjonen der.

Av Sigbjørn Mehl, toktleiar

Det nærmar seg personellskifte på Johan Hjort. Skipet, som snart har vore på havet i tre veker, har tilbakelagt 2 600 nautiske mil. Eit 200 000 km² stort område (heile Barentshavet er på 1,4 millionar km²) frå 75 til 79 grader nord og 22 til 43 grader aust er dekt med eit kurs- og stasjonsnett med ei oppløysing på 35 nautiske mil.

Meir torskeyngel i sør

Over store deler av området er det gjort gode akustiske registreringar og trålfangstar av både lodde og torsk. Litt opp frå botnen har desse fiskeslaga til dels stått blanda, noko som har gjort det krevjande å skilja dei på dei akustiske registreringane. Her nord har vi stort sett berre hatt små fangstar av 0-gruppe fisk, men på dei sørlegaste trålstasjonane på vel 75 grader nord har vi sett eit auka innslag av torskeyngel.

Kvalfangar med håp

Hopen er ei 33 km lang og 2 km brei klippeøy med store fuglefjell og hiområde for isbjørn. Øya vart freda som naturreservat i 2003. Det var truleg den engelske kvalfangaren Thomas Marmaduke som oppdaga øya i 1613 og gav den namnet Hope Island, kanskje etter skuta hans, "Hopewell".

geværmann

Geværmannen med gamlehunden.

Foto: Rolf Blakstad

Snikande isbjørnar

Det er litt kronglete å koma seg i land, så vi vart henta på havet. På stasjonen heldt det til fire menn og fem hundar, og det skal for tida vera tre isbjørnar på øya, så vi hadde væpna følgje når vi var utandørs. Dei sa at isbjørnen kunna snika seg så tett innpå at dei berre hadde 5-6 sekundar reaksjonstid.

postkontor Hopen

På det lokale postkontoret i Barentshavet.

Foto: Tom Ole Drange

Innandørs fekk vi omvising og vart bydde på kaffi og smågodt. Mange nytta høvet til å senda eit kort frå det lokale postkontoret. Vi fortsette toktet i fin kveldssol etter ein minnerik ettermiddag på Hopen.

Her er fartøyene

Toktkart for fartøyene som er med på toktet.


les mer

Kontaktpersoner

Sigbjørn Mehl
902 71 678