Hopp til hovedteksten
Økosystemtoktet
Utskriftsvennlig versjon

Botnfisk på økosystemtoktet

Heile Barentshavet vart også i år dekka med eit botntrålsurvey, og det er rekna indeksar for mengde botnfisk i fangstane.

Av Harald Gjøsæter

Torsk

Utbreiinga av torsk skil seg lite frå den ein fann i 2008, med konsentrasjonar vest, sør og aust av Svalbard, og i de søraustlege delane av Barentshavet. Særleg var det teke store fangstar aust av Hopen og ved kysten av Novaja Semlja.

Torsk

Figuren nedanfor viser indeksane under økosystemtokta sidan toktserien starta i 2004. Alderen er enno ikkje lest for toktet i 2009, så indeksane er her vist på lengdegrupper. Uvissa i indeksane er også vist på figuren. Botntrålfangstane inneheld nokre år ein del 0-gruppe torsk, og fisk mindre enn 14 cm er derfor ikkje tekne med i plottet. Det er ingen tydeleg trend i indeksen for torsk mindre enn 20 cm (hovudsakleg 1-åringar og 2-åringar), men det er stor variasjon frå år til år. Fisk i lengdeintervallet 20-35 cm (2- til 4-åringar) syner auke til og med 2007, og deretter ein nedgang dei to siste åra. Torsk med lengde 35-50 cm (3- til 6-åringar) synte eit minimum rundt 2005-2006, og ein topp i 2008. Uvissa er stor for denne lengdegruppa. Dei største individa, over 50 cm, var på eit lågt nivå i 2005 til 2007, men har vist ein stigande tendens dei siste to åra. Også her er det stor uvisse i estimata.

Botntrålindeks for nordøstarktisk torsk

 
Det er eit tydeleg mønster i desse indeksane. Den minste lengdegruppa hadde eit maksimum i 2006, den neste i 2007, lengdegruppa over der i 2008 og dei største fiskane i 2009. Dette viser eit eller to årsklassar sterkare enn dei rundt som veks seg gjennom bestanden. Kanskje ser vi spor av ein ny sterkare årsklasse i 2009?

Hyse

Hysa synte ei viss endring i utbreiinga frå 2008 til 2009. Biletet med mykje hyse langs Finnmarkskysten, ved Bjørnøya og i det søraustlege Barentshavet er det same, men nytt i år er nokre store fangstar vest av Svalbard.

Hyse

 
På figuren nedanfor er vist utviklinga i botntrålindeksane på hyse frå 2004 til 2009. Også her er all fisk under 14 cm fjerna for å unngå at 0-gruppefisk kjem med. Det ser ut for at fisk under 20 cm i liten grad vert fanga i botntrålen. Det er difor først når dei sterke årsklassane når lengdegruppa 20-35 cm at dei viser tydeleg att i fangstane, slik vi ser i 2006 til 2008. Vi ser ein viss auke i dei større aldersgruppene i åra etterpå, men kanskje ikkje i så stor grad som ein kunne venta. Det er difor ein betydeleg nedgang i fangstane av hyse dei siste to åra.

Botntrålindeks for hyse

Blåkveite

Utbreiinga av blåkveite liknar mykje på det ein fann i 2008, men dekninga strekte seg i år lengre i nordaustleg retning, slik at førekomstane av blåkveite aust for Novaja Semlja og Franz Josefs land er kartlagde.

Blåkveite

Figuren nedanfor syner botntrålindeksen for blåkveite i økosystemtokta. Her synes å ha vore ei avtakande rekruttering av småfisk i dei dekka områda gjennom denne tidsserien sidan 2005, medan fisk i lengdegruppa 15-30 cm nådde ein topp i 2006. Den totale indeksen har vore avtakande gjennom perioden, men relativt stabil dei siste par åra.

Botntrålindeks for blåkveite

Uer

Utbreiinga av vanleg uer (Golden redfish) og snabeluer (Deep water redfish) er vist på figurane nedanfor. Medan vanleg uer hovudsakleg er å finna nær norskekysten og i det sørlege Barentshavet aust til om lag 35°, så er snabeluer mest konsentrert ved Bjørnøya og inn i Bjørnøyrenna. Begge artane synest ha ei litt vidare utbreiing i 2009 enn i 2008. Medan det for snabeluer har vore ein liten oppgang i den totale indeksen siste året, har det for vanleg uer vore ein nedgong. Det er store år-til-år variasjonar i indeksseriane for begge uerartane, noko som tyder på at dette toktet ikkje dekkjer ein representativ del av dei totale bestandane, og difor ikkje gjev eit dekkjande bilete av mengda fisk i ulike lengdegrupper.

Vanleg uer
Snabeluer

 

Her er fartøyene

Toktkart for fartøyene som er med på toktet.


les mer

Kontaktpersoner

Harald Gjøsæter
414 79 177