Hopp til hovedteksten
Johan-Hjort-rute-ti372.gif
Utskriftsvennlig versjon

Snittet mellom Fugløya og Bjørnøya

Eit oseanografisk snitt er ei rekkje stasjonar som ligg etter kvarandre langs ei definert line. Eit slikt snitt vert teke ein eller fleire gonger i løpet av året. Ein del slike snitt har lange tradisjonar, mellom anna gjeld dette snittet Fugløya-Bjørnøya som forskningsfartøyet ”Johan Hjort” no er i gang med.


Av Harald Gjøsæter, toktleiar Johan Hjort


Figuren over viser kurskart for "Johan Hjort"


Dei norske snitta i Barentshavet er Fugløya-Bjørnøya, Bjørnøya-vest, Sørkapp-vest, og Vardø-nord. Tidlegare gjennomførde også norske fartøy eit snitt frå dei russiske Fem-øyane langt aust på Kolakysten. Men etter at norske fartøy vart nekta tilgang til russisisk økonomisk sone seint på 90-talet, måtte det snittet gjevast opp. Russiske forskarar har andre snitt, det mest kjende er Kolasnittet, som har ein historie attende til rundt 1900, og av den grunn vert svært mykje bruka til å sjå på langtidstrendar i til dømes temperatur.

Fugløya - Bjørnøya

Snittet ”Johan Hjort” no tek heiter Fugløya-Bjørnøya. Det strekkjer seg, som namnet fortel, frå Fugløya i Nordtroms til Bjørnøya. Det består av 20 stasjonar. På kvar stasjon vert CTD-sonden (CTD står for saltinnhald, temperatur og tettleik) låra til botnar for å registrera ein profil i temperatur og saltinnhald frå overflata til botnen. Stundom kan det vera andre sensorar også montert på sonden, som kan gjera ulike kjemiske eller optiske målingar. På sonden er det festa ein krans av vasshentarar, som er opne når sonden vert senka ned, men kan lukkast på signal frå operatøren på dei djupnene han vil. Slik får ein vatn frå ulike djup, som er grunnlag for ulike analysar av næringsstoff, forureining, planteplankton osb.

Men CTD-sonden er ikkje einaste instrumentet som vert bruka på snittet. Og ikkje alt er like høgteknologisk. Til å måla sikta i vatnet brukar vi ei såkalla Secchiskive; ei kvitmåla rund plate som vert senka ned til ein ikkje ser ho lenger og så sakte dregen opp att. Det djupet der ein så vidt kan skimta plata er ”Secchidjupet”. Elles vert ulike planktonhåvar bruka på nokre stasjonar, slike som vert dregne vertikalt frå botnen og opp, eller slike med mange nett som kan opnast og lukkast vha elektronikk, slik at ein får ein profil gjennom heile vassøyla.

Kva kan eit snitt fortelja?

Kva kan så havforskarane læra av målingane vi gjer på eit slikt snitt? Meir enn ein skulle tru. Ved å sjå på fordelinga av temperatur og saltinnhald kan vi også slutta oss til straumtilhøva på tvers av snittet, og ved å sjå på innhaldet av næringsstoff, plankton osb i dei ulike vassmassane kan vi læra om produksjonsprosessane. Kanskje aller viktigast er bruken av snitta til å laga tidsseriar som kan strekkja seg over mange år. Slike seriar kan fortelja oss om endringar i havstraumar, temperatur osb som kan bera bod om klimaendringar.

Snittet Fugløya-Bjørnøya er særleg interessant, sidan det kryssar ”inngangsporten” til Barentshavet. Det er hovudsakleg her vatn strøymer inn i Barentshavet, og både farten på det innstrøymande vatnet og temperaturen i dette vatnet kan fortelje mykje om korleis temperaturane inne i sjølve Barentshavet vil utvikla seg litt fram i tid.

Er Barentshavet vorte varmare sidan i fjor? Det veit vi først når vi samlast etter toktet for å sjå alle målingane i samanheng, men nettopp slik overvaking av klimaet er eit av dei mange viktige oppgåvene under dette årlege økosystemtoktet

 

les meir

Alle toktdagbøkene

Her er fartøyene

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet

Kontaktpersoner

Harald Gjøsæter
414 79 177