Hopp til hovedteksten
Lodde
Utskriftsvennlig versjon

Å telja fisk ved hjelp av musikk

Ein viktig del av økosystemtoktet er å kartleggja kor stor loddebestanden er. Kvar haust sidan 1972 har vi vore i Barentshavet om hausten og freista få eit overslag over talet på lodde. Ikkje berre den totale mengda er interessant, men også korleis denne mengda fordeler seg på dei ulike årsklassane i bestanden, og kor mange som vil koma til å modnast og ta del i gytinga til vinteren.

Av Harald Gjøsæter, toktleiar "Johan Hjort"

Det er dette overslaget kvotetilrådinga vår byggjer på, og vi kan difor seia at det vi finn av lodde no vil vera avgjerande for om det vert loddefiske til vinteren, og i tilfelle kor stort eit slikt fiske kan bli. Det seier seg sjølv at når vi har dette store ansvaret for auga, så set vi mykje inn på å få eit så sikkert overslag som mulig av lodda.

Korleis måler vi så storleiken på loddebestanden?

Til forskjell frå svært mykje av det andre vi måler på dette toktet, så er det her ikkje målingar på dei mange stasjonane som er viktig, men arbeidet mellom dei faste stasjonane. Heile tida medan båten er i fart, brukar vi ekkolodda til senda lydpulsar ned gjennom vatnet, og til å motta ekkoet av desse lydpulsane frå botnen og frå fisk og andre organismar som måtte vera under båten. Eit ekkolodd er ein datamaskin, som mottar og analyserer signalet som kjem attende som ekko frå kvar lydpuls, og lagrar signalet for seinare bruk. Signalet vert også vist som eit ekkogram, dvs eit bilete på ein dataskjerm av kva som er under båten. Ein fisk vil syna seg som ein prikk eller ein liten hake i ekkogrammet, medan ein fiskestim vil syna seg som ein større flekk. Fargen på flekken eller merket endrar seg etter kor kraftig ekkoet er, som igjen er avhengig av kor stor fisken er eller kor tett stimen er.

Ekkogram2-med-lodde372.gif
Ekkogram med lodde.

Orgelmusikk

Våre ekkolodd sender lyd med fire ulike svingetal, det er som eit orgel med fire tonar, som vi spelar på. Men denne musikken består av svært lyse tonar, lysare enn det øyro til eit menneske kan oppfatta. Vi brukar fire ulike tonehøgder fordi ulike organismar gjev ulikt ekko på desse ulike tonepulsane. Vi har difor fire ekkogram å sjå på, som viser ulike bilete av kva organismar som er under båten. Men ekkogramma fortel oss ikkje direkte kor mange fisk vi har under båten. Enno står mykje analysearbeid att før ekkomengda kan reknast om til talet på fisk.

Tolkeprosessen

For det første må alle ekkoa fordelast til ulike artar eller grupper av organismar. Dette kallast å tolka ekkogramma. Dette er i hovudsak toktleiaren og instrumentsjefen sitt arbeid, og eventuelt andre spesialistar på fiskeriakustikk, som denne vitskapen kallast. Desse kan sitja bøygde over datamaskinane store deler av vaktene før tolkinga av dagens ekkogram er unnagjort. Dei les dei lagra ekkogramma inn i eit dataprogram for å analysera og fordela ekkomengda. Til hjelp under tolkinga har dei utsjånaden til ekkogramma, og tilleggsinformasjon om korleis dei ulike organismane har gjeve ekko på ulike tonehøgder, kor sterke ekkoa er, kva temperaturen er på ulike djup osv.

Tråling

Men sjølv om eit trent auga langt på veg kan seia kva art ein har med å gjera berre ved å sjå på ekkogramma, så kjem ein ikkje utanom ein meir direkte kontroll no og då, og det får ein gjennom trålhal som vert gjort undervegs. Det er ikkje mengda av fisk i trålen som er interessant, men all fisken i trålfangstane vert telt, lengdemålt og vegd, i tillegg til at alder, kjønn, mageinnhald etc vert notert for dei viktigaste artane. Denne informasjonen vert bruka når ekkogramma skal tolkast. Etter at tolkeprosessen er unnagjord, er ein komen eit langt steg nærare eit overslag over mengda av fisk.

Etterarbeid

Når toktet er unnagjort vert dei tolka ekkodata for alle kursane som alle båtane har gått, slått saman, og det vert rekna ut gjennomsnittleg tettleik i kvar rute i eit rutenett som vert lagt ut over heile havet. Denne tettleiken for kvar art må så koplast med lengdefordelinga til denne arten i kvar rute før ein har eit mål for talet på fisk i ruta, fordi ein stor fisk sender eit sterkare ekko enn ein liten fisk av same arten. Sidan vert denne tettleiken i kvar rute kopla med lengde- og aldersfordelinga av dei ulike artane i kvar av desse rutene, for å fordela det totale talet på fisk av arten i ruta på lengdegrupper og årsklassar. Til slutt må dette mengdeoverslaget koplast med informasjon om kjønnsmodninga i ulike lengde- og aldersgrupper for å kunna vurdera kor stor del av bestanden som vil gyta til vinteren. Først når all denne informasjonen er kverna gjennom ulike dataprogram, kjem det fram kor mange lodder av ulik alder, lengde og modning som finst i havet.
I år knyter det seg ekstra stor spenning til kor mykje lodde vi finn, sidan fisket har vore stengt ei tid medan bestanden har auka i storleik år for år. Vert det nok lodde til å fiska på til vinteren? Det veit ingen i dag. Førebels spelar vi orgel for lodda og det skal vi gjera til heile havet er dekka med kursar i månadsskiftet. Då først set vi oss ned og reknar. Inn til den tid er vi like spente som alle andre...

 

les meir

Alle toktdagbøkene

Her er fartøya

 

Fakta om lodde

Latinsk navn: Mallotus villosus
Andre norske namn:
Hannfisk kallast faks-lodde og hofisk sil-lodde
Familie: Loddefamilien Osmeridae
Maks storleik: Sjeldan over 20 cm og 50 gram
Levetid: Sjeldan meir enn 5 år
Leveområde: Barentshavet
Hovudgyteområde: Kystnært ved Troms, Finnmark og Kolahalvøya
Gytetidspunkt: Mars–april
Føde: Plankton
Særtrekk: Namnet har lodda fått fordi hannen får ei stripe av hårete skjel langs sida i gytetida.

Lodde i Barentshavet

Kontaktpersoner

Harald Gjøsæter
414 79 177