Hopp til hovedteksten
hvor_er_batene_350.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Snitt

Eit snitt kan vera så mangt. Det er stor forskjell på eit gjennomsnitt, eit kirurgisk snitt og eit utsnitt. Når vi talar om snitt i samband med tokt er det som oftast oseanografiske snitt vi siktar til. Det er eit slikt "G.O. Sars" er i ferd med å gjennomføra i dag.


Av Harald Gjøsæter, toktleiar "G.O. Sars"

../../../../barentshavet/__data/page/7781/hvor_er_batene_600.jpg
Kartet viser posisjonane til båtane 14.09.07. Dei svarte linjene viser kvar båtane har vore tidlegare på toktet. Klikk på kartet for å få opp ei større utgåve av det.

Eit oseanografisk snitt er ei rekkje stasjonar som ligg etter kvarandre langs ei definert line. Eit slikt snitt vert teke ein eller fleire gonger i løpet av året. Ein del slike snitt har lange tradisjonar. Dei norske snitta i Barentshavet er Fugløya-Bjørnøya, Bjørnøya-vest, Sørkapp-vest, og Vardø-nord. Tidlegare gjennomførde også norske fartøy eit snitt frå dei russiske Fem-øyane langt aust på Kolakysten, men etter at norske fartøy vart nekta tilgang til russisk økonomisk sone seint på 90-talet måtte det snittet gjevast opp. Russiske forskarar har andre snitt, det mest kjende er Kolasnittet, som har ein historie attende til rundt 1900, og av den grunn vert svært mykje bruka til å sjå på langtidstrendar i til dømes temperatur.

Vardø-nord

Snittet vi no tek heiter Vardø-nord, og strekkjer seg frå Vardø rett nordover til 76°30’N. Det består av 22 stasjonar. På kvar stasjon vert CTD-sonden låra til botnen for å registrera ein profil i temperatur og saltinnhald frå overflata til botnen. Stundom kan det også vera andre sensorar montert på sonden, som kan gjera ulike kjemiske eller optiske målingar. På sonden er det festa ein krans av vasshentarar, som er opne når sonden vert senka ned, men kan lukkast på signal frå operatøren på dei djupnene han vil. Slik får ein vatn frå ulike djup, som er grunnlag for ulike analysar av næringsstoff, forureining, planteplankton osb.

Men CTD-sonden er ikkje einaste instrumentet som vert bruka på snittet. Og ikkje alt er like høgteknologisk. Til å måla sikta i vatnet brukar vi ei såkalla Secchiskive; ei kvitmåla rund plate som vert senka ned til ein ikkje ser ho lenger og så sakte dregen opp att. Det djupet der ein så vidt kan skimta plata er ”Secchidjupet”. Elles vert ulike planktonhåvar bruka på nokre stasjonar, slike som vert dregne vertikalt frå botnen og opp, eller slike med mange nett som kan opnast og lukkast vha elektronikk, slik at ein får ein profil gjennom heile vassøyla.

Kva kan eit snitt fortelja?

Kva kan så havforskarane læra av målingane vi gjer på eit slikt snitt? Meir enn ein skulle tru. Ved å sjå på fordelinga av temperatur og saltinnhald kan vi også slutta oss til straumtilhøva på tvers av snittet, og ved å sjå på innhaldet av næringsstoff, plankton osb i dei ulike vassmassane kan vi læra om produksjonsprosessane. Kanskje aller viktigast er bruken av snitta til å laga tidsseriar som kan strekkja seg over mange år. Slike seriar kan fortelja oss om endringar i havstraumar, temperatur osb som kan bera bod om klimaendringar.

Er Barentshavet vorte varmare sidan i fjor? Det veit vi først når vi samlast etter toktet for å sjå alle målingane i samanheng. Men inntrykket så langt er at det i alle fall ikkje har vorte noko kaldare sidan i fjor, i dei områda vi har segla i.

Registreringar


Registreringar av 0-gruppetorsk per 14.09.07

Registreringar av vaksen torsk per 14.09.07

Registreringar av stor havnål per 14.09.07

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet

Her er fartøyene

Fartøyenes posisjoner per 25.09.07
les mer

Kontaktpersoner

Harald Gjøsæter
414 79 177

Kontaktpersoner

Harald Gjøsæter
414 79 177