Hopp til hovedteksten
havnal.JPG
Utskriftsvennlig versjon

Så er vi skikkeleg i gang igjen

Det er blitt måndag, og vi har vore fire dagar på havet. Roen har senka seg både over havet og "G.O. Sars". Vaktlaga er komne inn i sine rutinar med arbeid og måltid og søvn, og stort meir er det ikkje tid til. I løpet av eit døgn tek vi om lag fire økosystemstasjonar, og sidan det er 35 nautiske mil mellom stasjonane går vi om lag 140 nautiske mil per døgn.


Av Harald Gjøsæter, toktleiar G.O. Sars

Ein slik økosystemstasjon består av eit hal med flytetrål, eit hal med botntrål, ein CTD-stasjon, to hal med dyreplanktonhåv, og eitt med algehåv. Flytetrålen gjev oss informasjon om kor mykje fiskeyngel som er i sjøen. Fiskeyngel finst helst i dei øvre vasslaga, og denne trålen dreg vi difor i overflata, så i 20 m og til slutt i 40 m djupne, 10 minuttar i kvart lag. Botntrålen gjev oss informasjon om kva som finst nede ved botnen, enten det er fisk eller andre organismar. Vi fiskar med ein liten trål, og halet varer berre i eit kvarter, så store fangstar vert det vanlegvis ikkje. CTD-sonden er eit instrument vi lårar til botnen medan fartøyet ligg i ro, og medan sonden passerer gjennom vassøyla målar han temperatur og saltinnhald i vatnet. Planktonhåvane vert også bruka medan båten ligg i ro; først eit hal frå botnen til overflata og så eit frå 100 m til overflata med dyreplanktonhåven, og så eit hal i dei øvste 30 m med planteplanktonhåven. Alt i alt gjev ein slik stasjon massevis av informasjon som vi analyserer i ettertid.

Medan mange av deltakarane i toktet er mest opptekne av desse stasjonane, er det andre som tykkjer det er meir interessant det som skjer mellom stasjonane. Det gjeld oss som jobbar med akustisk mengdemåling av fisk, for det er medan fartøyet stimar langs kurslinene at vi samlar inn data med ekkolodda for å finna ut av kva slags og kor mykje fisk det er under kjølen. Men det er også andre om bord som trivst best mellom stasjonane, og det er dei som tel sjøfugl og kval. Deira metodikk er også avhengig av at fartøyet går langs ei kursline, og dei må stoppa søkinga etter kval og fugl medan vi ligg i ro på stasjonane.

Og kva har vi så funne ut til no? Ingen sensasjonar så langt, men i morgon skal eg skriva litt meir om resultata av undersøkingane.

Registreringer

Registreringer av 0-gruppetorsk per 10.09.07:


Registreringer av voksen torsk per 10.09.07:


Registreringer av stor havnål per 10.09.07:

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet

Her er fartøyene

Fartøyenes posisjoner per 25.09.07
les mer

Kontaktpersoner

Harald Gjøsæter
414 79 177

Kontaktpersoner

Harald Gjøsæter
414 79 177