../../../../barentshavet/__data/page/7780/hvorerbatene_800.gif
Her er båtane (sjå farga ikon). Kartet viser óg kurslinjer. Klikk på kartet for å sjå større versjon.
Ein ekspedisjon som denne vi er på no, let seg ikkje utføra av einskildpersonar. For det første må det fem forskingsfartøy til, dersom heile Barentshavet skal dekkast med eit nokolunde tett kurs- og stasjonsnett innanfor eit tidsrom på halvannan månad. Dette krev samarbeid. Både under planleggingsfasen, under operasjonsfasen, og under rapporteringsfasen. Dette samarbeidet byr på mange utfordringar, ikkje minst sidan det er tre norske og to russiske fartøy involverte. No har Havforskingsinstituttet og PINRO lang erfaring i samarbeid både på land og sjø; i år feirar vi 50-års jubileum for dette samarbeidet, og det har røter attende lenger enn det. Og i 1965 byrja eit årleg samarbeid om 0-gruppetoktet, som har gått kvart einaste år sidan den tid, og no er innebygd i økosystemtoktet vårt.
Veit kva dei skal gjera
Men også om bord i kvart einskild fartøy må det samarbeid til dersom arbeidet skal verta skikkeleg gjort. Både mellom mannskap og forskingspersonell og mellom dei som er med i same arbeidslaget. Sidan arbeidet om bord går uavbrote dag og natt, er det viktig at vaktene føl oppsette rutinar og arbeidsplanar, sidan dei ikkje har mykje tid til å diskutera arbeidet seg imellom i vaktskifta. Og samarbeidet går svært bra, takk vere røynde folk som veit kva dei skal gjera og korleis.
Samrbeid om bord er viktig og alle har sine oppgåver.
Satellittsamband
Nett no slit vi litt når det gjeld kommunikasjonen mellom fartøya. I vår tid går denne kommunikasjonen via internett over satellitt, og det er ikkje små datamengder som vert utveksla mellom fartøya pr dag. No har begge dei russiske fartøya feil på sine satellittsamband, og dette gir oss ei ekstra utfordring som vi ikkje heilt veit korleis vi skal løysa på ein god måte. Men det vert vel ei råd. Toktsamarbeidet har som nemnt funne stad lenge før både internett og kommunikasjonssatellittar, så sjølv om det er heilt andre datamengder som skal utvekslast i dag enn det var då, så får vi sjå om ikkje vi kan finna løysingar likevel.
Av Harald Gjøsæter, toktleiar "G.O. Sars"