Hopp til hovedteksten
gosars_350.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Økosystemtoktet over for i år

Så er det meste gjort. Fire av dei fem fartøya som har delteke i toktet er komne trygt i hamn. Berre ”G.O. Sars” er framleis ute, men også vi har no slutta av dekninga og gjeve oss i kast med ein to døgns stampekurs mot Tromsø.

Av Harald Gjøsæter, toktleiar "G.O. Sars"

No står det att å analysera dei data vi har samla inn, slik at vi kan laga ein grundig toktrapport. Det skal gjerast under eit møte i Murmansk neste veke. Der samlast ein del av dei som har vore med på toktet, og nokre som ikkje har vore med, for å gjera ei førebels oppsummering av kva vi har funne. Noko det kvart år er knytt stor spaning til, både mellom deltakarane i toktet og ikkje minst i fiskerinæringa, er kor mykje lodde vi har funne, og om det er utsikter til noko loddefiske neste år.

Ikkje alt har gått på skinner i år. Det har vore store kommunikasjonsproblem undervegs, grunna tekniske feil på satellittsambandet på fleire av fartøya. Dette gjer at vi har mindre oversikt over det totale datatilfanget enn vi vanlegvis har hatt ved slutten av toktet. Vi  har også tidvis vore plaga med tekniske feil på anna utstyr, og alt i alt må vi nok sjå i augo at nokon av resultata frå dette toktet er meir usikre enn vi set pris på.

No er det i alle fall slutt for denne gongen. På vegne av alle dagbokskrivarane som kvar vekedag i toktperioden har forsynt omverda med rapportar om smått og stort om bord i dei ulike fartøya, takkar eg for følgjet  med ein sonett:

Avslutnings-sonett

Halvannan måndads tid har gått frå starten
av toktet her i Wilhelm Barents' hav,
der deltok båtar fem og mange av
den sære, kunnskapstørste forskararten.

Dei granska fisk som rørte seg i havet
men også slikt som berre er fysikk
og kval og havdyr omgitt av mystikk
og botndyr og anna kryp i kavet

I storm og stille gjekk dei sine vakter
no lengtar dei til lands, til ro og fred.
Til etterarbeidet dei no seg gled.

Som dagbokskrivarar dei viste takter
dei skildra alle slikt dei kjendest ved.
No legg dei alle diktarpennen ned.

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet

Her er fartøyene

Fartøyenes posisjoner per 25.09.07
les mer

Kontaktpersoner

Harald Gjøsæter
414 79 177

Kontaktpersoner

Harald Gjøsæter
414 79 177