Hopp til hovedteksten
100_0019_350.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Med liv og lyst i laben

For oss pelagikarar som har reist på loddetokt i Barentshavet sidan 70-talet, har overgangen til dagens økotokt vore stor. Me fekk opplæringa vår i laben på ei tid då alt anna enn lodde, torsk og hyse vart karakterisert som ”botngraps”. Frå den perioden då me hadde dei såkalla fleirbestandstokta i Barentshavet, var det mange pelagikarar som også etter kvart tok del i prøvetaking av andre artar. Den store styrken er det gode samarbeidet mellom teknikarar med kvar sine spesialfelt. Saman vert me gode, er det noko som heiter, og det trur eg høver svært godt også i laben.

Bildet over: Skatene er ikkje alltid så lette å skilje frå kvarandre. Foto: Jaime Alvarez.

Bentos

Den største utfordringa vår no, er sortering og fastsetjing av kva slags dyregrupper dei ulike botnskapingane tilhøyrer. Å finna ut at det som for underteikna sin del ser ut som eit forvakse moltebær, er eit sekkedyr og ikkje eit åttearma koralldyr, er slettes ikkje enkelt. Ut frå dei føreutsetnadane me har, og med den knappe tida som er til disposisjon i ein hektisk kvardag i labben, gjer me så godt me kan. Om dataene vert gode nok, lyt andre vurdera.

Reke

Sortering, stadiefastsetjing og lengdemåling av reke, er også eit nytt fagfelt for mange av oss. Dette er eit møysommelegt og tidkrevjande arbeid. Tidlegare var det eigne tokt i Barentshavet på reke, der teknikarar som hadde reke som sitt spesialfelt tok seg av prøvetakinga.

Manethal

Tråling etter fiskeyngel (dei såkalla 0-gruppe hala), er også ein viktig del av dette toktet. I enkelte hal har det vore uvanleg mykje brennmaneter, opp til 6-700 kg. Å finna att 0-gruppe lodda (den såkalla glaslodda) i haugen av maneter, er ikkje alltid så enkelt.

Knurrulker, ålebrosmer og skater

Til artsfastsetjing av dei ulike ulkene, ålebrosmene, skatene osv., har me no fått betre nøklar og biletmateriale. Det er tida det oftast skortar på for å få gjort dette skikkeleg. Å avgjera om ålebrosma har glatt buk eller skjel på buken, teljing av finnestrålar osv., er tidkrevjande arbeid.


100_0071_350.jpg
Først skal botnorganismane sorterast. Så kjem utfordringa med å finna ut kva det er…
Foto: Jaime Alvarez

Modningsstadie 1 eller 4?

Den største utfordringa i prøvetaking av fisk, er i ein del tilfelle å fastsetja om torsken eller hysa som ligg på målebrettet er ein  umoden fisk, eller er i det såkalla kvilestadiet, dvs. at fisken har gytt før. Også her er det viktig å rådføra seg med andre, og så langt det let seg gjera verta samde om ei felles vurdering.

Aldersfastsetjing av lodde

Å seia om ei lodde er eitt eller to år gammal, skulle ein ikkje tru var noko problem, men så enkelt er det ikkje alltid. Tidleg i toktet sat me benka rundt lupa, og diskuterte om ringen me såg i enkelte otolittar var ein vinterring eller ein såkalla sekundær ring. Ingen av oss har fasiten, men i dei aller fleste tilfella vert det semje om alderen.


IMG_1583_350.jpg
Stundom går lodde og polartorsk saman, både i sjøen og i trålen.
Foto: Daniel Howell

Den store lodda

No ser me fram til å koma oss nordover i området der den modnande lodda tradisjonelt meiskar seg i raudåte og krill på denne tida av året. For oss ”loddas vener” er dette høgdepunktet i toktet. Me lyt vel vera så pass ærlege å seia, at me pelagikarar går noko meir entusiastiske til verks, når den blanke, fine lodda kjem på dekk, enn i studiet av ”moltebæret”. Det er nok mang ei sjel både i Fosnavågen og Torangsvågen som i likskap med oss ventar i spaning på å få høyra kor mykje lodde som har tenkt seg til Finnmarkskysten for å gyta til vinteren.

Av Jostein Røttingen

Fakta om lodde

Latinsk navn: Mallotus villosus
Andre norske namn:
Hannfisk kallast faks-lodde og hofisk sil-lodde
Familie: Loddefamilien Osmeridae
Maks storleik: Sjeldan over 20 cm og 50 gram
Levetid: Sjeldan meir enn 5 år
Leveområde: Barentshavet
Hovudgyteområde: Kystnært ved Troms, Finnmark og Kolahalvøya
Gytetidspunkt: Mars–april
Føde: Plankton
Særtrekk: Namnet har lodda fått fordi hannen får ei stripe av hårete skjel langs sida i gytetida.

Lodde i Barentshavet

Her er fartøyene

Fartøyenes posisjoner per 25.09.07
les mer

Kontaktpersoner

Jostein Røttingen
452 51 951

Kontaktpersoner

Jostein Røttingen
452 51 951