Hopp til hovedteksten
data350.gif
Utskriftsvennlig versjon

Ein grå dag på jobben

Havforsking er spanande. Mange har god grunn til å misunna oss. Men som i alle yrker finst det også hos oss, ein sjeldan gong, ein grå dag på jobben.

Harald Gjøsæter, toktleiar "G.O. Sars"

Havforsking har lange og stolte tradisjonar i Noreg. Namna på fartøya våre vitnar også om det: ”G.O. Sars”, ”Johan Hjort”, ”Fridtjof Nansen”. Havforskingsinstituttet held ved lag ein tradisjon innan havforsking og polarforsking (som er det vi driv med her oppe no), som har sine røter meir enn hundre år attende i tida. Røter er viktige, men er ikkje alt. Det har gått opp og ned også med den norske innsatsen innan havforskinga. Vi har hatt ”gullaldrar” der einskildpersonar og forskingsmiljø har drive forskinga framover, har utvikla nye metodar og ny teknologi, og gjort store framsteg i å forstå havet og dei organismane som lever der. Det har også vore stagnasjonsperiodar, i mangel på fartøy, laboratorier eller dugande folk. Korleis vår tid vil verta karakterisert ein gong i framtida veit vi ikkje. 

Teknologi

Når det gjeld teknologien, så er det i alle fall ingen tvil om at det er gjorde store framsteg dei siste åra. Det er eit hav av forskjell mellom utstyret som fantes på dei norske forskingsfartøya for berre 10-20 år sidan, og de vi har i dag. Operasjonssentralen om bord i G.O. Sars er ei utstilling av høgteknologi; frå stolen der eg sit og skriv, ser eg 26 dataskjermar, og dei fleste viser resultat frå eit eller anna instrument. På ein skjerm kan eg sjå korleis havstraumen i overflata der vi seglar går i nordaustleg retning med 25 cm per sekund, medan det 30 m under båten ikkje er nokon nemnande straum. Men på 100 m djup går det ein svak straum i motsett retning av i overflata. På ein annan skjerm kan eg sjå korleis havbotnen under oss ser ut, med talrike grøfter som synest å gå frå aust mot vest. Det skal visstnok vera fâr etter isfjell som for tusenvis ar år sidan har kome ned i botnen på si ferd vestover. På ein tredje skjerm ser eg bilete frå eit av dei fem ekkolodda vi brukar for å måla fiskemengda under båten. Nett no passerer vi over ein liten loddeflekk, elles er det lite å sjå her oppe på Sentralbanken. På ein fjerde skjerm ser eg data frå vêrstasjonen, som viser at dei siste to minuttane har vi i gjennomsnitt hatt vind frå nord av 30 knops styrke.

Slik kunne eg ha halde på å skildra ei instrumentering våre forgjengarar truleg knapt nok kunne førestella seg. Slik sett har havforskinga gjort store framsteg. Men no som før så er det vel eigentleg den menneskelege faktoren som er den avgjerande; kor vidt ein er i stand til å tolka dei observasjonane ein gjer, og setja dei inn i ein samanheng der data vert omforma til kunnskap.

Tilbake til utgangspunktet

Det byrja som ein grå dag på jobben. Med stiv kuling, nesten null sikt, 1 plussgrad og sluddbyger, og ingenting å sjå på ekkoloddet. Men havforsking er som nemnt spanande og på havet kan situasjonen fort snu seg: No har vinden spakna til under 20 knop, og kvar augneblink kan det skje at lodda, som vi ventar på skal dukka opp, viser seg på loddet. Det kan fort skje at det som byrja som ein grå dag på jobben kan verta til eit eventyr det er all grunn til å misunna oss…

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet

Her er fartøyene

Fartøyenes posisjoner per 25.09.07
les mer

Kontaktpersoner

Harald Gjøsæter
414 79 177

Kontaktpersoner

Harald Gjøsæter
414 79 177