Hopp til hovedteksten
lodde350.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Vil lodda koma attende snart?

Mange, ikkje minst fiskarar og folk som lever av fiskeeksport, har spurt meg dette spørsmålet siste året. Noko godt svar har eg ikkje kunna gi, anna enn at lodda vil koma att ein gong, men truleg ikkje dei første par åra. Historia har vist at loddebestanden kan veksa frå nokre få hundre tusen tonn til over 7 millionar tonn i løpet av tre år. Denne kunnskapen gjer at vi som steller med overvaking av loddebestanden heile tida også spør oss sjølve: Ser vi nokre teikn på at det snart vil skje noko?


Viktig sak under økosystemtoktet

Ei av dei mange viktig oppgåvene vi har på dette toktet er å måla storleiken på loddebestanden, og når det er gjort, rekna ut ein høveleg kvote som ICES sin rådgjevingskomité vurderer og som oftast set sitt stempel på. No under den siste delen av toktet dekkjer vi den sentrale og nordlege delen av Barentshavet, og nettopp her er det at mesteparten av lodda lever om hausten.

Tidleg varsling

For å få ei tidleg varsling overvakar vi kvar loddeårsklasse på larvestadiet (juni) og 0-gruppestadiet (august-september), og vidare kvar haust frametter i livet. Historia har lært oss at det er mest ingen samanheng mellom talet på larver i juni og talet på 1-åringar 15 månader seinare. Når vi kjem ut i august første leveåret, byrjar samanhengen å verta klårare, men også etter dette stadiet er det stor variasjon i overlevinga fram til 1-årsstadiet. Det er difor først når vi målar talet på eittåringar at vi verkeleg får eit godt bilete av korleis årsklassestyrken er.


lodde_halveis-i-tokt_350.gif
Oversikt over hvor det halvveis i toktet er gjort redistreringer av lodde.

Kva ser vi i krystallkula?

Ut frå den sokalla 0-gruppeindeksen og dei akustiske estimata av eldre fisk eit år, kan vi laga ei prognose for neste år. Denne prognosen byggjer også på at den naturlege dødsraten mellom aldersgruppene i år vert lik gjennomsnittleg dødsrate, og at veksten i år vert lik gjennomsnittleg vekst dei to førre åra. Ut frå denne prognosen skal det verta ein viss vekst i loddebestanden i år i høve til i fjor.

Og kva ser vi under båten?

Sjølv om dekninga av dei viktigaste loddefelta no er unnagjort, er det enno for tidleg å trekkja nokon konklusjon frå dette toktet. Enno ventar vi akustiske data frå ”Fridtjof Nansen”, som framleis er i arbeid i russisk økonomisk sone. Så snart denne informasjonen er komen til ”G.O. Sars”, set vi i gang med analysane av akustiske og biologiske data, som til saman gir oss eit mengdeestimat. Det er nok fleire enn oss som er her om bord som ventar spent på kva dette vil visa…

Harald Gjøsæter
Toktleiar ”G.O. Sars”

 


Fakta om lodde

Latinsk navn: Mallotus villosus
Andre norske namn:
Hannfisk kallast faks-lodde og hofisk sil-lodde
Familie: Loddefamilien Osmeridae
Maks storleik: Sjeldan over 20 cm og 50 gram
Levetid: Sjeldan meir enn 5 år
Leveområde: Barentshavet
Hovudgyteområde: Kystnært ved Troms, Finnmark og Kolahalvøya
Gytetidspunkt: Mars–april
Føde: Plankton
Særtrekk: Namnet har lodda fått fordi hannen får ei stripe av hårete skjel langs sida i gytetida.

Lodde i Barentshavet

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet

Kontaktpersoner

Harald Gjøsæter
414 79 177