Hopp til hovedteksten
100.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Flotte naturopplevingar

Så er kursen satt mot Longyearbyen og toktavslutning. Snart har eg identifisert min siste polartorsk og sortert min siste bentos kl 0600 om morgonen. Trass intens jobbinnsats har toktet absolutt vore meir enn berre arbeid; i dag hadde me ein fantastisk naturoppleving då me cruisa inn Rossfjorden med sola i ryggen, breen i forgrunnen, og blikkstille sjø mellom bratte fjell.

På ope hav leika det seg tre-fire knølkvalar like ved båten akkompagnert frå broa av eit samstemt og avventande ”Åhhhhhhhhh!” idet kvalane kom opp av vatnet ,og eit fornøgd ”ahhh!” i det dei dukka under igjen. No manglar det berre ein isbjørn, og kanskje ein kvalross. Ei håkjerring hadde óg vore moro.


sortering.jpg
Sortering av trålfangst.

Kjem til å sakna det å koma til duk og dekkja bord kvar dag og den supre maten; student-nuddel-middagane blir liksom ikkje det same etter tre varme måltid kvar dag her på båten. Men det skal bli godt å oppdatera seg på søvn. Og kanskje med tid og stunder vil eg ikkje lenger bråvakna av mareritt om at eg - heilt aleine - må sortera 2 tonn med fisk i alle fargar og fasongar!

Silje Seim, student UiB

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet

Kontaktpersoner