Hopp til hovedteksten
Raudate_Karsten-Hansen.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Det gylne triangel

Det har vore taust frå ”G.O. Sars” i nokre dagar, og det kjem seg av at me har vore så langt nord at satellitten me brukar for å kommunisera med omverda forsvann under horisonten. Me er altså ikkje fortapte i den berykta Bermuda-triangelen, der skip forsvinn på uforklarleg vis. Derimot er me no inne i ”det gylne triangel”, men meir om det nedanfor.

Bildet over viser raudåte-plankton. Foto: Karsten Hansen

Rikeleg med plankton

Dei siste dagane har me dekka området nord og aust av Hopen, og heilt nord til Kong Karls Land. Det vart etter kvart tynt med fisk, det var stort sett berre polartorsk å sjå på ekkoloddet og i trålen, i tillegg til ein og annan loddeknute og nokre torskar, i tillegg til dei allstadsnærverande gapeflyndrene og arktiske ålebrosmene. Men plankton var det rikeleg av der oppe i nord. Både finnkval, vågekval og knølkval vart også observert dei stadene det var nemnande med lodde.


lodde_Foto_T.W.jpg
Lodde. Foto: Thomas de L. Wenneck

Eksperimentet ”det gylne triangel”

Men så til det gylne triangel. På denne turen har vi arbeidd kontinuerleg, utan eit einaste avbrot på grunn av storm, skade på reiskapen og slike ting. Det betyr at me no har ca. eit døgn ”til overs”. Og det finst alltid ein ”plan B”, eit program som me set i verk dersom me skulle ha tid til det. Dette døgnet planlegg me å bruka i eit område me tidlegare har dekka, og der me fann ein del lodde. No skal me undersøkja korleis lodda fordelar seg i vassøyla gjennom eit heilt døger, og vurdera kva djupet lodda står i har å seie for dei akustiske målingane våre. I tillegg skal me studera korleis planktonet fordeler seg gjennom døgnet, å sjå om det er nokon samanheng med vertikalfordelinga til planktonet og til lodda. Vidare skal me ta mageprøver av lodda, for å studera når på døgnet ho et og så bortetter. Og me skal også sjå på om det er forskjell på kor mykje lodde som står heilt nede ved botnen om dagen og om natta.

Det einaste som no kan øydeleggja eit interessant stykke forsking, er at det vert for mykje vind til at me kan nytta planktonreiskapen vår som kan ta prøvar på åtte ulike djup. For augneblinken viser vindmålaren 33 knop, som er stiv kuling og vel så det, og vinden er aukande, så det ser ikkje så lyst ut. Men noko skal me no i alle fall få ut av dette, sjølv om planktonprøvetakinga skulle falla bort. Og kvifor har så eksperimentet fått namnet ”det gylne triangel”? Av den enkle grunn at for å halda oss i dei same området heile tida, medan me nyttar vanleg fart for å kunna samla akustiske data, så går me i ein trekant der det er ca 10 nautiske mil mellom hyrna!

Forskar Harald Gjøsæter

Fakta om lodde

Latinsk navn: Mallotus villosus
Andre norske namn:
Hannfisk kallast faks-lodde og hofisk sil-lodde
Familie: Loddefamilien Osmeridae
Maks storleik: Sjeldan over 20 cm og 50 gram
Levetid: Sjeldan meir enn 5 år
Leveområde: Barentshavet
Hovudgyteområde: Kystnært ved Troms, Finnmark og Kolahalvøya
Gytetidspunkt: Mars–april
Føde: Plankton
Særtrekk: Namnet har lodda fått fordi hannen får ei stripe av hårete skjel langs sida i gytetida.

Lodde i Barentshavet

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet

Plankton

Ordet plankton er opprinnelig gresk og betyr "det som svever". Plankton er en fellesbetegnelse for flere ulike organismer som lever i åpne vannmasser, både små dyr og encellede organismer med evne til fotosyntese. De har til felles at de har liten svømmeevne og lar seg drive med strøm og bølger.

Plankton

Kontaktpersoner

Harald Gjøsæter
414 79 177