Hopp til hovedteksten
kurslinjer_utsnitt.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Er kartlegginga vår nøye nok?

Når vi dekkjer t.d. heile Barentshavet med stasjonar slik vi no gjer under økosystemtoktet, ser det imponerande ut på eit kart, der stasjonane ligg ”tett som hagl”. Men eigentleg er det heile 35 nautiske mil, eller ca. 65 km mellom desse faste stasjonane.

Og somme har spurt; er det mulig å teikna eit sant bilete av kva som er i havet, anten det no er fisk, botndyr eller plankton, berre ved hjelp av eit så grovmaska stasjonsnett?

Som å telje tre på land?

Samanliknar vi med tilhøva på land, har ein slik skepsis mykje for seg. Lat oss førestilla oss at vi stod ute på Askøy og talde alle grantrea vi kunne sjå rundt oss. Så lukka vi augo og let oss transportera 65 km austover. Så opna vi augo på Voss, og talte på nytt kor mange grantre vi såg, og reiste vidare austover 65 km. Då var vi på høgfjellet aust av Finse og det ville vera fort gjort å telja grantre der.

Slik kunne vi halda fram austetter gjennom dalane på Austlandet og dei store granskogane i Sverige. Om vi så tok gjennomsnittet av alle desse teljingane og multipliserte med arealet, ville dette gje oss eit sikkert tal for kor mange grantre det er i Midt-Skandinavia? Kanskje, kanskje ikkje.

Jamnare i havet

Men tilhøva i havet skil seg noko frå dei på land. Vi opplever mest aldri så snøgge endringar i klima og levekår når vi reiser gjennom havet som over land. Difor er også mange organismar jamnare fordelte i havet, og vi kan tillata oss større avstand mellom stasjonane enn det som ville vera naturleg på land.

Men sjølvsagt vil også bestanden av fisk og andre organismar i havet fordela seg ujamt over så store område som t.d. Barentshavet er. Når vi dekkjer så store område, vil tettleiken variera frå stad til stad, men det vil vera slump som avgjer om vi treff høg eller låg tettleik der vi tek vårt trålhal eller vår planktonhåv.

Statistikken til hjelp

Så lenge det er slik, og vi tek mange nok stasjonar totalt, så finst det statistiske metodar som syter for at den gjennomsnittlege tettleiken vi reknar ut, vil vera korrekt for området vi har dekka. Det er denne metodikken all vår overvaking av havområda byggjer på.

Men sjølvsagt er det slik at jo tettare kursnett, jo meir nøyaktige overslag får vi. Om vår noverande innsats på dette toktet er høveleg for å gi bestandsmål med den presisjonen vi treng for å gi gode forvaltingsråd, er noko vi heile tida må vurdera opp mot kost/nytte-effekten av å auka eller minska innsatsen.

Harald Gjøsæter
Toktleiar G.O. Sars

Hva er et økosystem?

Økosystem beskrives ofte i form av energioverføring mellom nivåer i næringskjeden. Men bak energioverføringen foregår det et spill på liv og død mellom rovdyr og byttedyr. Dette spillet der hvert enkelt individ prøver å gjøre det best mulig for seg selv i form av å spre sine gener, resulterer i det såkalte samspillet i naturen. Dette er et fascinerende samspill både å utforske og forvalte.

Nordsjøen og Skagerrak

Fakta om Barentshavet

Storleik: 1,4 millionar km2  (ca. 4 gonger så stort som Noreg)
Djup: Gjennomsnittleg djupn er 230 meter, største djup er 500 meter
Fiskeri: Botnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågekval og grønlandssel

Spesielle tilhøve:

  • Store, årlege variasjonar mot. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • Ein av de største sjøfuglkonsentrasjonane i verda; 20 millionar individ fordelt på nær 40 arter

Forvaltinga av dei levande marine ressursane i Barentshavet skjer mellom Noreg og Russland i fellesskap.
Russisk namn: Barentsevo More
 

Barentshavet