Hopp til hovedteksten
boeyaberget_200px.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Vi fann, vi fann!

Det har herska stor fortviling om bord på Johan Hjort etter at dei mista ei bøye spekka med kommunikasjonsutstyr verd millionar i Syltefjorden i Aust-Finnmark. Ikkje rart stemninga blei spent på G.O.Sars også, som tok på seg oppdraget med å leite etter bøya på sin retur fra økosystemtokt i Barentshavet... [29.09.05]


For nokre dagar sidan fekk toktleiaren om bord i G.O. Sars telefon frå ein kollega på Johan Hjort, som er ute på eit metodeutviklingstokt. Dei hadde mista kontakten med ei bøye dei hadde sett ut i Syltefjorden i Aust-Finnmark. Bøya var over to meter lang og eitt tonn tung, og spekka full med elektronisk utstyr for å gjera akustiske målingar i den såkalla dødsona.

Dette er ei smal sone langs med botnen som ein ikkje ser med eit vanleg ekkolodd, og der fisk kan gøyma seg. Denne bøya, eller dødsonemålaren som ho vert kalla, er slik innretta at ho slepper seg ned mot botnen, gjer sine akustiske målingar, og stig så automatisk opp til overflata og sender data over satellitt, før ho slepper seg ned att mot botnen. Eller rettare, slik fungerer ho når ho gjer som ho skal. Men denne gongen gjekk ho til botnars og vart der. Til stor fortviling for dei som var om bord i Johan Hjort, og som heller ikkje fekk kommunikasjonsutstyret som var meint å kunna ta kontakt med bøya, til å verka.

Sidan G.O. Sars greidde å gjera unna stasjonane og dekka området sitt på litt kortare tid enn planlagt, sa vi ja til å ta ein avstikkar innom Syltefjorden på vegen frå det nordaustlege Barentshavet til Tromsø. G.O. Sars har ein del utstyr for denne typen operasjonar som Johan Hjort ikkje har, så håpet var absolutt til stades for at vi skulle lukkast i bøyejakta. På vegen vart stemninga om bord meir og meir spent; ville vi lukkast? Her stod millionar på spel.

Bøya var utstyrt med ei innretning som ville svara oss når vi sende eit akustisk signal på ein spesiell frekvens, men denne såkalla transponderen kunne jo vera skada eller liggja nede i mudderet på botnen. Det var difor svært spanande då instrumentpersonellet byrja senda  då vi nærma oss fjorden. Og der, der dukka det opp eit signal på skjermen, to kilometer unna og på ca 130 meters djup fekk vi svar frå bøya! Det var berre å setja kursen mot punktet medan vi heldt kontakten med målet. Vi gjekk rett over, og jammen dukka det ei lita ”tue” på botnen opp på ekkolodda. Der låg ho! Jubelen stod i taket, både om bord i G.O. Sars og i Johan Hjort, der dei følgde med på telefon.

Men korleis får ein så opp ei bøye som har havarert på 130 meters djup? Mannskapet på G.O. Sars visste akkurat kva som skulle til. Medan dei gjekk fleire gonger i ring rundt bøya la dei ut tusen meter med wire, og byrja så å stramma til. Hadde dei ”fast fisk”? Joda, der viste strekksensorane på vinsjen at noko tungt hengde seg på, og det var berre å hala inn medan dei heldt fram med å gå i ring og halda god strekk på wiren. Heldigvis var det festa 10m med flytetau med lykkje i bøya, og då fangsten nærma seg overflata, kom tauet til syne. Hage hender var snare til å manøvrera ein kran i posisjon, og fekk huka ein krok inn i lykkja. Bøya var berga. Igjen stod jubelen i taket, og ikkje få bilete vart tekne medan bøya vart svinga om bord med kranen.

Takka vere godt utstyr og dyktige folk var ei bøye til ca tre millionar kronar berga på under tre timar. Og ingen om bord ville høyra snakk om at det hadde vore så mykje som eit snev av flaks inne i biletet!

Harald Gjøsæter,
toktleiar G.O. Sars

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet