Hopp til hovedteksten
solnedgong_200px.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Toktet er slutt, og kva no?

Så var det over for denne gongen. Ved hjelp av fem fartøy har vi i løpet av to månader gått mest 19000 nautiske mil med akustisk registrering, har teke over 1100 trålstasjonar, like mange hydrografiske stasjonar, hundrevis av planktonstasjonar, har bestemt 326 ulike organismar frå trålhala, har teke prøver av over 30 000 fiskar og lengdemålt over ti gonger så mange. [30.09.05]


Slik kunne eg ha halde fram med å ramsa opp det eine og det andre mest i det uendelege. Men vel så interessant er det kanskje å spørja: Kva vert alle desse opplysningane bruka til? Vert dei stabla bort i datamaskinar og ikkje bruka til noko som helst? På ingen måte. Men korleis opplysningane vert bruka, det varierer frå datatype til datatype.

Så snart den siste stasjonen var teken og vi sette nasen mot sør for tre-fire dagar sidan, sette vi i gong å bruka desse opplysningane på ulikt vis. Alle data frå alle fartøy er samla om bord på G.O. Sars. Nokre sette i gong med å teikna kart over kursar og stasjonar. Andre gjekk laus på jobben med å rekna ut bestandsstorleikar ut frå tråldata og akustiske data. Andre igjen byrja å skriva tekst til toktrapporten. Nokre data vart sende til Havforskingsinstituttet i Bergen, for at fleire kan ta del i arbeidet samstundes.

Første målet var å gjera unna utrekningane av loddebestanden. Dette hadde høgast prioritet, sidan rådet om kor mykje lodde det eventuelt kan fiskast til vinteren utelukkande er basert på resultata frå dette toktet. Og rådgjevingskomiteen i det Internasjonale Havforskingsrådet, ACFM, startar sitt møte allereie neste veke, og før den tid må dei ha ein rapport om situasjonen i loddebestanden.

Då dette var unnagjort, var det dei andre pelagiske fiskane som stod for tur. Her brukar vi akustiske data for å rekna på mengda. Og då fartøyet klappa til kai i Tromsø i går kveld, var det meste unnagjort, også når det gjeld sild, kolmule og polartorsk. Men for desse artane utgjer dette bestandsestimatet berre ein liten del av det samla grunnlaget for bestandsvurderinga, og ingen ting hastar når det gjeld desse artane. Desse opplysningane hamnar i bind 1 av ein toktrapport som kjem i to bind, der det første skal lagast på eit møte i Murmansk i neste veke.

Data frå alle flytetrålhala etter fiskeyngel vart også handsama i ulike dataprogram, for å rekna ut såkalla 0-gruppeindeksar. Dette er relative mål for kor mykje yngel det er av dei ulike artane. Desse opplysningane hamnar også i bind 1 av toktrapporten.

Alle botntråldata vart sende til Bergen. Når det gjeld botnfiskartar som torsk, hyse og blåkveite, vert ikkje alderen på fisken avlest om bord, slik som for dei pelagiske artane. Dette er eit tidkrevjande arbeid som vert gjort etter at toktet er avslutta. I første omgang vert mengdemåla difor berre rekna ut basert på lengde, og først når alderen er lest kan bestandsestimata reknast ut på aldersgrupper og årsklassar. Når det gjeld botnfisk er det difor berre førebels informasjon som kjem med i bind 1 av toktrapporten, resten må venta til bind 2. Men dette har ingen hast, for dette vert bruka først i neste års bestandsvurdering, som skjer om våren.

Også data på sjøfugl, sjøpattedyr, botnorganismar osb. vert analysert på ulikt vis, og eit grovt oversyn over utbreiing og liknande kjem med i den første toktrapporten. Mykje av materialet på botnorganismar er også frose ned og skal analyserast ved instituttet i ettertid. Det same gjeld tusenvis av mageprøver av torsk, kolmule og lodde.

Dei hydrografiske målingane, som temperatur og saltinnhald, er sende over til havforskingsinstituttet PINRO i Murmansk. Der vert det gjennomgått av russiske ekspertar og skal oppsummerast i bind 1 av toktrapporten.

Men når resultata frå toktet er oppsummert i toktrapportane, kva skjer så? Igjen varierer det med typen av data. For alle fiskeartar til dømes, vert siste års data lagt til tidsserien som finst frå før. Ofte er slike tidsseriar vel så interessante som årets måling av bestandsstorleik eller utbreiing. Jo lengre ein tidsserie er, jo meir interessant er han, og det er slike data mange forskarar ved Havforskingsinstituttet og andre stader sit og forskar på til dagleg. Ein leitar etter samanhengar mellom variasjonar i desse ulike tidsseriane. Er det slik at det vert sterke årsklassar av torsk dei åra temperaturen er høgare enn normalt? Er det samanhengar mellom storleiken av dei ulike fiskebestandane?

Men når det gjeld data frå eit økosystemtokt som dette, der vi har fått eit samtidig bilete av mange ulike variablar, så er det også interessant å forska på meir direkte samanhengar mellom dei. Er det noko samanheng mellom utbreiinga til spesielle botnorganismar og botnfiskar? Er det slik at fisk et alt som måtte vera i området der han oppheld seg, eller føretrekkjer han nokre matemne og forkastar andre? Spelar temperaturen og saltinnhaldet ved botnen nokon rolle for utbreiinga av svampar og korallar?

Noko av kunnskapen som er vunnen gjennom dette toktet kjem til nytte umiddelbart, i fiskeforvaltinga. Noko vil koma til nytte på lengre sikt som grunnlag for å forbetra modellane vi brukar til dømes i bestandsvurderinga og rådgjevinga. Og noko vil truleg først bli teken i bruk om mange år, som ein liten del av grunnlaget for nye oppdagingar. Noko er kanskje ikkje ”nyttig” i det heile, ut frå slik vi ser sakene i dag. Men kven veit kva som vil verta sett på som nyttig om hundre år? Og når vi veit kor stor nytte vi som havforskarar har av hundre år gamle data i dag, så er det kanskje også i det perspektivet vi må sjå nytten av slike tokt som dette?

Harald Gjøsæter,
toktleiar G.O. Sars

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet