Hopp til hovedteksten
2809_instrumentrommet.gif
Utskriftsvennlig versjon

Instrumentrommet - hjernen om bord

Vi har høyrt om arbeidet om bord, både i laboratoria, på brua og på tråldekket. Eit forskingsskip som G.O. Sars er som ein organisme, der ulike lemer på organismen har ulike funksjonar. I eit slikt bilete ville ”the operation room” som det heiter på dørskiltet, eller instrumentrommet som vi kallar det til dagleg, vera hjernen i organismen. [28.09.05]

Instrumentrommet er toktleiaren sin plass mesteparten av døgnet, og her går instrumentsjefen og instrumentoperatøren sine vakter. Totalt er det no 24 dataskjermar i rommet, og kopla til desse skjermane finst alt frå heilt vanlege PCar til avanserte instrument som kostar millionar.

Dette er overvakingssentralen om bord, og det meste som skjer kan enten styrast eller overvakast frå dette rommet. Det er plassert ut videokamera om lag 20 strategiske stader om bord, og på ein skjerm i instrumentrommet kan ein velja kven av desse ein vil kopla inn. Når til dømes instrumentoperatøren skal ta ein CTD-stasjon, held han auga med dei som opererer sonden ved vinsjen nede i instrumenthangaren, samstundes som han får opp data frå sonden på ein skjerm. Gjennom VHF-samband gir han meldingar til han som køyrer vinsjen om kor djupt han skal låra sonden. Og med eit museklikk løyser han ut vasshentarane som er festa til sonden på dei djupa der det skal takast vassprøver. På ein skjerm vert det teikna ein profil som viser temperatur og saltinnhald etter som sonden vert låra nedover mot botnen.

Mange av skjermane er kopla til ekkolodd og sonar. Eit ekkolodd sender lydstråler vertikalt nedover i sjøen, medan ein sonar sender lyd vassrett bortetter eller på skrå nedover. På G.O. Sars finst det mange typar av ekkolodd, for fiskeleiting, for å kartleggja botnen, og for å kartleggja sedimenta under botnen.

Når ein går eit såkalla akustisk survey er ekkolodd på fire frekvensar i bruk. Det vert heile tida halde auga med ekkoloddskjermane, for å sjå om det dukkar opp noko interessant som ein må sjå nærare på, til dømes med å setja ein trål. Alle data frå ekkolodda vert lagra i datamaskinar til seinare bruk.

Det er i instrumentrommet det vert teke avgjerd om tråling, men sjølve trålinga vert styrt frå brua. Når det vert trålt tek gjerne toktleiaren eller instrumentoperatøren seg ein tur på brua for å overvaka sjølve trålhalet og sjå på trålinstrumenta som viser korleis trålen går gjennom sjøen, kor djupt han går, kor stor opninga er, og kva som går inn gjennom opninga. På ”overvakingsskjermen” kan dei som er i instrumentrommet følgja med i førebuingane på dekket, og sjå når trålen går ut trålslippen. Dei kan også følgja med om folka nede i fiskeprøverommet gjer jobben sin når trålen er komen inn att…

Toktleiaren og instrumentsjefen, og gjerne andre også som har erfaring med akustisk mengdemåling, sit fleire timar for dagen og går gjennom alt som er lagra frå ekkolodda. Dette kallast å ”tolka akustiske data”, og går ut på å fordela ekkomengda som er rekna ut basert på data frå ekkolodda, til ulike artar av fisk, og til samlegrupper som plankton, fiskeyngel etc. Til hjelp har dei det biletet dei ser på skjermane, resultata frå trålhal som er tekne i dette eller liknande område, verdiane som kjem fram for ekkomengda for kvar mil segla, ein del hjelpeinformasjon som kor sterkt ekko dei ulike registreringane gir på dei ulike frekensane til ekkolodda, den såkalla målstyrkefordelinga til ekkoa, og så bortetter. Med ein musepeikar kan dei teikna boksar rundt interessante ekko på skjermen og få meir detaljerte opplysningar om desse, før dei tek ei avgjerd om korleis ekkomengda for denne mila eller denne boksen skal fordelast.

I instrumentrommet er det også skjermar med ulike kartsystem, som viser dei planlagde kursane og stasjonane, kor båten er, kva kurs og fart han har, og kor langt og lenge det er til neste stasjon. Her er ein skjerm som viser data frå vêrstasjonen om bord, ein som repeterer biletet frå ein av radarane på brua, og mange andre som det vil føra for langt å gå inn på her.

Mykje kan seiast om dei ulike laboratoria, om brua, og om dei andre arbeidsplassane om bord. Men det er neppe ein dristig påstand at instrumentrommet, det er det viktigaste rommet om bord.

Harald Gjøsæter,
toktleiar G.O. Sars

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet