Eit Antonov 26 fly som heiter ”Arctica” og er disponert av PINRO, har no byrja flytokt med base i Longyearbyen. Dette er tredje eller fjerde året på rad at vi har etablert samarbeid med dette flyet under hausttoktet.
Flyet er ustyrt med ulike kamera og video, og dessutan ein LIDAR. Ein lidar er eit instrument basert på laserteknikk, som verkar litt tilsvarande eit ekkolodd, men her brukast lys i staden for lyd. LIDAREN sender lyspulsar ned gjennom sjøen, og dette laserlyset vert i ulik grad reflektert av organismar nede i sjøen. Det reflekterte lyset gir informasjon om kva type organismar det dreier seg om, og kor djupt under overlata dei står. Dersom det er klårt i vatnet kan lyset trengja 50m ned i sjøen, men når det er plankton i sjøen vil lyset bli dempa langt tidlegare. Med ein LIDAR kan ein oppdaga fiskestimar som står høgt i sjøen. Teknikken har med hell vore prøvd på makrell i Norskehavet, og på lodde i Barentshavet.
Det er likevel observasjonar av sjøpattedyr og fugl som er det sentrale under flytokta her oppe. G.O. Sars og Arctica har dei siste dagane utveksla opplysningar om seglingsruter og observasjonar. Observasjonane av sjøpattedyr frå flyet kan seinare samanliknast med tilsvarande observasjonar frå fartøya.
For at flyet skal kunna gjennomføra vellukka tokt, må vêrtilhøva vera gunstige. Til no har Arctica hatt to vellukka tokt, eit mellom Bjørnøya og Svalbard og eit aust av Svalbard. Til saman har dei rapportert om ca 20 tusen sjøfugl (for det meste havhest, polarlomvi, vanleg lomvi og alkekonge) og om lag 140 sjøpattedyr, hovudsakeleg grønlandssel, spekkhoggarar, knølkval og springarar.
Harald Gjøsæter,
toktleiar G.O. Sars
