Hopp til hovedteksten
dekksmannskap.jpg
Utskriftsvennlig versjon

"Ondt ofte lider den fiskermand"

Orda frå Petter Dass si velkjende verseline dukkar stundom opp i minnet når eg står og ser på dekksmannskapa som heldt på med å leggja ut eller ta inn trålen, eller heldt på med andre ting bakpå arbeidsdekket. Når vi til dagleg tenkjer på forskingsfartøy så er det gjerne helst havforskarane om bord vi konsentrerer oss om. Men ikkje alle om bord er havforskarar i snever forstand. [24.09.05]


Om bord på kvart av fartøya våre er det eit fast mannskap på 12-15 menn (og kvinner), som har ansvar for å driva fartøyet frå dag til dag, uavhengig av kva slags oppdrag fartøyet er ute på.

På brua er det ein skipper og ein eller to styrmenn. Skipperen er øvstkommanderande, og har hovudansvaret for fartøyet og tryggleiken om bord. Medan toktleiaren er den som avgjer kvar fartøyet skal gå og kva forskingsprogram som skal gjennomførast, har skipper og toktleiar eit nært samarbeid i det daglege der dei drøftar opplegget og den praktiske gjennomføringa av det. Folka på brua har ansvaret for navigasjonen og trålinga. Dette er røynde folk, gjerne med bakgrunn frå fiskefartøy, som veit korleis dei skal handtera fartøy og reiskap for å fanga det forskarane peikar på på ekkoloddet.

Stuerten og eit eller to medhjelparar i bysse og forpleiing sørgjer for at det er reint i messe og lugarar, og står for den viktigaste funksjonen om bord: matstellet. For er det nokon stad at ordspråket ”uten mat og drikke duger helten ikke” verkeleg er røyndom, så er det på havet. Det å kunna gå til eit veldekka bord med velsmakande rettar betyr mykje. Det er høgdepunkt i det stundom monotone livet om bord.

Dei to eller tre i maskina, leia av maskinsjefen, er sjølvsagt også sentrale om bord. Våre forskingsfartøy har gjerne over tre hundre driftsdøgn i året, så det er ikkje mange dagane i løpet av eit år at maskinane står stille, langt mindre at dei får tid til å bli kalde. Ein moderne skipsmotor er eit høgteknologisk vedunder, som krev kompetente folk til å halda det heile i gang. Alltid er det noko som skal haldast ved like, alltid er det noko som skal reparerast.

traaliboelge.jpg

Men så til dei som gjerne må ta verste støyten; dekksmannskapa. Dette er dei av mannskapet som har dei mest varierte arbeidsoppgåvene. Det er dei som, leia av trålbasen, tek seg av arbeidet med å leggja ut og hiva inn trålen på dekk. Dei må også køyra vinsjane når sondar eller reiskapar skal senkast ned mot botnen og hivast opp att, eller ulike reiskapar skal slepast etter båten. Når dei ikkje har slikt stasjonsarbeid, må dei bøta trålane, som ofte får seg ei rift, eller skifta ein vaier her og ein sjakkel der. Dei skal og halda fartøyet ved like, og er tidt og sjå med høgtrykkspylaren  eller med malarkosten, om det er ver til slikt.

Verste arbeidet er vel truleg tråling i dårleg ver. Når vinden ular, snøen stryk vassrett over dekket, og grøne sjøen rett som det er glefsar opp gjennom trålslippen, då er det surt å stå bakpå tråldekket og rista i notlinet for å få ut all lodda og manetene som så lett heng seg fast i moskane. Her om dagen var det ein av matrosane som stakk handa i lomma på kjeledressen, berre for å konstatera at lomma var full av maneter!

Utan dyktige fagfolk i alle funksjonar om bord stoggar norsk havforsking. På timen!

Harald Gjøsæter
toktleiar G.O. Sars

Bilder tatt av George McCallum
 

 
 
 

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet