Hopp til hovedteksten
pakkepost-180.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Møte i havet

Livet på tokt er eit einsamt liv, i den forstand at det kan gå veker mellom kvar gong ein ser andre båtar. I dag vart det annleis. Vi ikkje berre såg ein båt i horisonten, men vi kom også ganske nær kvarandre. Dette var ikkje på slump; i fleire dagar no har vi planlagt eit møte med vår russiske kollega-båt Fridtjof Nansen. [23.09.05]


Det måtte bli i dag, for no var vi så nær kvarandre at det berre kosta 2-3 timars ekstra segling å møtast. Vi vona at veret skulle roa seg såpass at vi kunne setja båt på vatnet og møta våre russiske kollegaer andlet til andlet, men diverre heldt kulingen, som vi har hatt to-tre dagar, framleis stand, så å gå i småbåt kom ikkje på tale.

Men vi har andre metodar for å utveksla varer og tenester. Frå vår side var det ei øskje med formalinfikserte loddemagar som skal opparbeidast på PINRO som skulle over, og i retur skulle vi ha ein CD med alle data Nansen har samle i løpet av toktet. Vi pakka loddemagane i mangedobbelt lag av plast, og teipa grundig igjen opninga. Deretter la vi pakken i ein liten notpose, festa til eit langt flytetau med tre garnblåser på. Så manøvrerte vi oss i lo av Nansen og heiv det heile på havet. Ikkje lenge etter såg vi at folka på Nansen heiv ein dregg over tauet og heiste det om bord.

Så var det deira tur; og snart hadde vi flaskeposten frå Nansen trygt om bord. Det var bokstaveleg tala ein flaskepost; ei stor vassflaske var snitta open, CDen lagt inni, og flaska teipa igjen.

pakkepost-180.jpg

Etterpå la vi oss på line og sette botntrålen, for å få ei samanlikning av trålfangstar. Når det var gjort la vi oss side om side og tok fire planktonhåvtrekk, og ein CTD-profil, dvs. temperatur og saltinnhald målt frå overflata og ned til botnen. Medan det heile stod på hadde vi kontakt via VHF, og i slike høve er det praktisk at vi har to russisk-talande personar i forskarstaben vår.

Omsider sa vi farvel til våre russiske vener; dei segla mot nordvest for å halda fram med blåkveitestasjonar, og vi segla mot aust for å halda fram med økosystemstasjonar på russisk side av grensa.

Harald Gjøsæter, toktleiar G.O. Sars

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet